Søk







 

Visste du at ...

 

tilbake til oversikta

Jostedalsbreen er den største breen på det europeiske fastlandet?
Jostedalsbreen dekkjer eit areal på 474 km2 og er om lag 80 km lang. Fleire plassar er islaget over 500 m tjukt, t.d. under Fåberstølsbreen og aust for Kjenndalskruna. Ismassen til Jostedalsbreen svarer til om lag 300 000 millionar badekar med vatn, heile Noreg sitt vassbruk i 100 år. Meir informasjon kan du få på sida om
Jostedalsbreen nasjonalpark.

  tilbake til oversikta

Det finst 2534 brear i Noreg?
Det finst 1252 brear i Sør-Noreg og 1282 i Nord-Noreg. Arelaet dei dekkjer i Sør-Noreg er 1523 km2 og i  Nord-Noreg 1169 km2. På Svalbard finst det 2128 brear som dekkjer eit areal på 36 591 km2.

  tilbake til oversikta

Jostedalsbreen ikkje er ein rest frå siste istid?

Forskararane meiner at heile Jostedalsbreen var vekke i ein periode på om lag 3000 år. Dette skjedde for om lag 8000 til 5000 år sidan. Då var klimaet varmare enn i dag. Denne perioden heiter Atlantikum. Etterpå blei klimaet kaldare igjen og breen danna seg på nytt.

   tilbake til oversikta

 

 

 

70% av alt ferskvatnet på jorda finst som snø og is?

90% av dette er lagra på Antarktis og 9% på Grønland. Under ein prosent av ferskvatnet finst i innsjøar og vassdrag! På jorda er det 1 400 millionar km3 vatn, men ferskvatnet utgjer berre 2,5% av dette, resten er saltvatn. Noreg er det landet i Europa som har flest brear, og dermed lagrar mest vatn. I verden er Antarktis som lagrar mest vatn i form av is. Om isen som ligg på land smeltar vil det føre til ei auke i havnivået. Til dømes kan ei smelting av isen på Antarktis føre til ca 60 m høgare havnivå, og ein vekksmelta Grønlandsis kan auke havnivået med 7 m.

 

  tilbake til oversikta
   
   
   
   

  Skriv ut  
Du er her » Startside » Visste du at ... » Visste du at ... full tekst

Logg inn