Les meir om: Jostedalsbreen nasjonalpark
Breutløparar frå Jostedalsbreen
Jøkulhlaup frå Flatbreen
Jøkulhlaup
Livet på og ved breen
Bremålingar på Jostedalsbreen 1900-2008
|
Jostedalsbreen er den største breen på det europeiske fastlandet og dekkar store delar av fjellområdet mellom Sogn og Nordfjord, med sine 487 km2. Lengda på isbreen er kring 80 km medan breidda varierar. Også istjukkleiken varierar mykje sidan det er store høgdeskilnader under isen, og fleire stader er isen over 500 meter tjukk.
Jostedalsbreen er ein platåbre med mange breutløparar. Sjølve breplatået er eit bølgjete landskap mellom ca 1750 og 1950 m o.h., medan brearmane ned frå platået er bratte og dramatiske. Mange av desse brearmane når heilt ned til 300-400 m o.h., og ved den regenererte breen Supphellebreen ligg brefronten heilt nede på 60 m o.h. Kring 40 breutløparar har eige namn, og nokre av desse er kjende brearmar som Briksdalsbreen, Nigardsbreen, Tunsbergdalsbreen, Bøyabreen og Supphellebreen.
Det høgste punktet på sjølve Jostedalsbreen er Høgste Breakulen, som ligg 1957 m o.h. Det er fleire nunatakar som stikk opp frå breplatået og to av desse er fjelltoppar over 2000 meter. Den mest kjende og den høgste av desse er Lodalskåpa (2083 m o.h.), også kalla Vestlandsdronninga. Brenibba (2018 m o.h.) er den nest høgaste nunataken kring Jostedalsbreen.
|

Jostedalsbreen
|
Dei store kontrastane og raske skiftingar av ulike naturtypar, ver og høgde gjer området spennande for turgåarar. Dei frodige dalane rundt Jostedalsbreen står i skarp kontrast til den store is- og snømassen. Utfordringane er mange for turgåarar i dette dramatiske fjell- og brelandskapet, og naturopplevingane står i kø. Området fekk status som nasjonalpark i 1991.