Kor mykje is var det på Svalbard under siste istid?
Når var breane på Svalbard størst?
Har smeltinga av isen påverka havstraumane i nord?
Dette er spørsmål prosjektet "Icebound" ønskjer å finne svar på gjennom arbeidet sitt på Svalbard. Fleire sesongar i felt på Nordvest- Spitsbergen, med innsamling av steinprøvar, og påfølgande labarbeid, skal forhåpentlegvis gje svaret på kor tjukk isen på Svalbard har vore under siste istid.

Kart over Nordvestspitsbergen med prøvelokaliteter (t.v.), prøvetaking på Munken. Foto: Endre Før Gjermundsen
Norsk Bremuseum har vore samarbeidspartner og fagansvarleg Trygve Snøtun var med på feltarbeid i april og mai i år. Resultatet av dette blei ein flott poster som no er satt opp i utstillinga under "Isaktuelt". Posteren kan du laste ned her.
Slik oppsummerar Trygve turen:
"Turen var fantastisk!! Til saman varte opphaldet på Svalbard i fem veker, der tre av dei var i telt på nesten 80° nord, omgitt av snø og is.
Målet med prosjektet er å finne ut når isdekket på Svalbard var på det største og kor tjukk isen då har vore basert på feltdata frå området. Ved å hente steinprøvar frå fjelltoppar kan ein på laboratorium finne ut kor lenge denne steinen er utsett for stråling frå atmosfæren, altså kor lenge sidan det er sidan sist steinen var dekt av bre. Så feltarbeidet gjekk ut på å hente steinprøvar frå dei fantastiske fjella på Nordvest-Spitsbergen.



Nord-vest Spitsbergen. Foto: Anne Hormes og Endre Før Gjermundsen.
Trass i både utstyrsmessige og vermessige problem vart feltarbeidet vellukka, med mange steinprøvar frå eit relativt stort geografisk område. Sjølve fjelltoppane måtte bli gått til fots eller på ski medan resten av transporten skjedde på snøscooter. 200 mil køyrde vi til slutt! "
eller prosjektet si heimeside
www.icebound.no