Søk







 

Om oss
 

Norsk Bremuseum & Ulltveit-Moe senter for klimaviten er ei privat stifting oppretta av Den Norske Turistforening, International Glaciological Society, Norges vassdrags- og energidirektorat, Norsk Polarinstitutt, Høgskulen i Sogn og Fjordane, Universitetet i Bergen og Universitetet i Oslo.


Føremålet med Norsk Bremuseum er å samle, skape og spreie kunnskap om brear og klima. Stiftinga si verksemd omfattar naturvitskaplege og kulturhistoriske fagfelt. Bremuseet syner samspelet i naturen og mellom natur og menneske - gjennom avansert filmteknikk, interaktive modellar og dine eigne eksperiment med ekte bre-is. Norsk Bremuseum er for det nyfikne mennesket.

   


Utstillingane er delt inn i 4 emne med 24 tema og syner blant anna korleis brear blir danna, korleis dei har forma fjordlandskapet, og kvifor breane spelar ei viktig rolle i klimaforskinga. Museet omfattar også Ulltveit-Moe senter for klimaviten. Der blir kunnskap formidla gjennom ei opplevingsreise i tid frå atmosfæren blei til, via siste istid, og fram til år 2100. Frå taket har ein storslått utsikt til breane og landskapet dei har forma. Me viser også Ivo Caprino sin panoramafilm frå Jostedalsbreen kvar heile og halve time.
 

Norsk Bremuseum er eit offentleg godkjent nasjonalparksenter, med særskilt informasjon om Jostedalsbreen nasjonalpark

 

Norsk Bremuseum er teikna av sivilarkitekt M.N.A.L. Sverre Fehn

 

Ønskjer du å leggje seminar o.l. til Fjærland, har vårt undervisningsbygg møterom for 50 personar. Rommet er utstyrt med audiovisuelle hjelpemiddel.

 

Kontaktinformasjon

 

Presserom

  Skriv ut  
Du er her » Startside » Om oss

Logg inn