Search







 

Utstillingane

1. Skulptur av Bård Breivik med ekte is frå Jostedalsbreen.

2. Ein brefilm blir til. Korleis Ivo Caprino-filmen blei laga. Filmen blir vist kvar heile og halve time og varer i 18 minutt.

3. Klima i endring - frå fortid til framtid. Ei opplevingsutstilling om naturlege og menneskeskapte klimaendringar. Sjå Ulltveit-Moe senter for klimaviten.

4. Kva er ein bre?

5. Kva er jökulhlaup? Jökulhlaup er ei brå tapping av ein bredemt sjø. Opplev vulkanutbrotet under Vatnajökull på Island i 1996 som førte til ekstrem bresmelting og store flaumskadar.

6. Mammut. Det største landpattedyret som har levd i Noreg. Mammuttanna frå Sibir er 30.000 år gammal.

7. Vêret. Korleis må veret i eit område vere for at brear kan eksistere?

8. Kvifor er isen blå? Eit lite stykke is ser kvit ut, men i breen er isen blå.

9. Kraft frå breen. Smeltevatn frå bre kan nyttast til kraftproduksjon. Some kraftverk er bygde under breen.

10. Kor mykje kraft lagar du? Prøv sjølv å lage kraft ved å sykle. Skjermen viser kraftmengda du
lagar.

11. Brevandring. Sjå utstyr, bilete og skildring frå seks ulike breturar på Jostedalsbreen.

12. Bretunga. Gå inn breporten og ta ein sikker tur i ein smeltevasskanal under breen. Høyr korleis breen rører på seg og isen smeltar. Kjenn den kalde vinden.

13. Fjordane blir til. Breane forma ut fjordane i løpet av dei siste 2-3 millionar år. Korleis? Er dei djupare enn Grand Canyon i USA?

14. 19. Breelv lagar nytt land. Breelva sørger for at Fjærland blir større for kvart år. Korleis? Iseksperiment: Her kan du sjølv vere breen og vere med å forme ein dal.

15. Kvifor er fjorden grønn? (eksperiment) Om sommaren er vatnet i fjorden ikkje gjennomsiktig, men grå-grøn.

16. Naturlege klimaendringar. Endringar i jorda si bane rundt sola kombinert med minka innstråling kan utløyse istider. Prøv sjølv og lag di eiga istid!

17. Breen – vårt beste klimaarkiv. Forskarar henter ut kilometerlange iskjerner frå innlandsisen på Grønland og Antarktis. Dei kan fortelje oss korleis klimaet har endra seg i fortida.

18. Iseksperiment. Eksperiment med trykksmelting og frysing, og med vatn som renn gjennom is.

20. Jostedalsbreen Nasjonalpark blei oppretta i 1991. Bremuseet ligg ved grensa til nasjonalparken. Sjå korleis terrenget ser ut under Jostedalsbreen.

21. Isaktuelt. Vekslande tema frå bre- og klimaforskinga.

22. Eksperiment. Lag mjuk is, test isskruen i ekte bre-is og sjå ein interaktiv modell som viser kvifor brear sprekk opp.

23. Ötzi – mannen i isen. Utstillinga fortel historia til den 5 300 år gamle ismannen Ötzi som blei funne i ein bre i Alpane i 1991. Les også om funn i norske brear.

24. Kva er spesielt med breelvar? Les korleis breelver skil seg ut frå vanlege elver. Sjå verdata frå klimastasjonen på Flatbreen 1000 moh. og data frå målestasjonen i Bøyaelvi nett no.

 

 

 

  Print  
Du er her » Startside » Framsidelinkar » Utstillingane

Login