Search







 

Ulltveit-Moe senter for klimaviten

 

Norsk Bremuseum opna i juli 2007 opplevingsutstillinga "Klima i endring - frå fortid til framtid".
Utstillinga er i eit nytt påbygg rundt eksisterande kinosal og har fått namnet "Ulltveit-Moe senter for klimaviten". I fyrste del av utstillinga kan du lære om dei naturlege klimaendringane. Du blir teke med på ei tidsreise frå skapinga av atmosfæren for fem milliardar år sidan til perioder på jorda der naturlege klimaendringar har ført til mykje varmare og mykje kaldare klima enn vi har i dag.

Så byrja menneska å påverke klimaet.

Andre halvdelen av utstillinga handlar om framtida på planeten vår. Opplev ulike scenaria for åra 2040 og 2100 og sjå utfordringane menneska vil møte.

Sir David Attenborough avsluttar utstillinga: "Det er enno tid til å handle. Jorda er den einaste heimen vi har!"

 

Ansvarleg nybygg og utstilling...

  Print  
Høyr David Attenborough her!
  Print  
Du er her » Startside » Senter for klimaviten

Login