Search







 

Klima i endring

 

Brear reagerer på klimaendringar.

Overvaking av breane gjev verdiful informasjon for klimaforskinga. På Grønland og i Antarktis tek forskarar ut fleire kilometer lange borekjerne av is. I desse er det lagra informasjon om klimaet i fortida, nesten 900 000 år tilbake. 

Kvifor er vi sikre på at våre utslepp av drivhusgassar har endra klimaet?

Figur 1 viser korleis temperatur (raud) og konsentrasjon av drivhusgassen karbondioksid i atmosfæren (blå) har variert dei siste 800 000 år, med notid til venstre. Dei naturlege klimaendringar gjennom denne perioden har ein periodisitet på ca. 100 000 år, med relativt korte, varme mellomistider, og lange istider. Desse variasjonane er knytt til endringar i jorda si bane rundt sola, som er forsterka av drivhusgassvariasjonane.

 

Figur 1
Figur 2

Gjennom brenning av kull og petroleumsprodukt har vi menneske no heva karbondioksid- nivået (kort strek) like mykje som dei naturlege forskjellane frå istid til mellomistid, som svarer til ca. 8 °C. Det må føre til oppvarming, og ein varmare atmosfære vil også i gjennomsnitt innehalde meir vassdamp og gje auka nedbør.

Kva skjer med klimaet?
Figur 2 viser at den globale temperaturen har stige særleg kraftig i frå 1980. Tala for 2005 og 2006 viste at desse åra var dei varmaste hittil på den nordlege halvkula, og dei nest varmaste for heile jorda. Dei 11 varmaste år på jordoverflata sidan meteorologiske målingar tok til har funne stad i dei siste 12 år.

Alle forskarar er einige om at drivhusgassane har auka, og at dette i seg sjølv fører til klimaendring. Men det er verdt å merke at i perioden 1940-1980 var det ikkje temperaturauke, trass i at mengda drivhusgassar også auka då. Dette viser at klimaet til ein kvar tid er eit resultat av både menneskeskapte og naturlege klimaendringar. Forskarane er framleis ueinige når det gjeld prognosane for klimaet i framtida. Dette er fyrst og fremst knytt til usikkerheit i balanse mellom naturlege og menneskeskapte endringar. Dessutan er det framleis usikkert i kva for ein grad havet spelar ein rolle og forsterkarmekanismar bidreg. Ein særleg viktig slik mekanisme er når jordoverflata blir endra frå snø/is til vatn.

 

 

Dei fleste klimaforskarar meiner at innan 2050 vil klimaet på jorda komme utafor temperaturintervalla som menneske og menneskeliknande skapningar har opplevd. Då går vi inn i ei klimaverd som vi veit lite om, og der kan tilpassing bli mykje vanskelegare enn den vil vere i klimaet som ventar oss dei neste få tiår. Å handle riktig i ein slik verd må vere basert på innsikt og ikkje frykt. 

 

Kjelder til menneskeskapt CO2-utslepp:
Energiproduksjon 24 %
Industri 19 %
Skogbruk og avskoging 17 %
Landbruk 14 %
Trafikk 13 %
Bygg & anlegg 8 %
Avfall 3 %
Flytrafikk 2 %

 

Dersom alle menneska på jorda skulle leve slik vi gjer, ville det krevja energi og resurssar tilsvarande meir enn 3 planetar...

Dei klimatiske utfordringane vi står overfor vil krevje handling på mange nivå. Dei største må løysast gjennom internasjonalt og nasjonalt leiarskap, men kva den enkelte gjer er òg svært viktig - at mange gjer litt kan ha stor effekt. Her er nokre tips til kva vi alle kan bidra med. Lukke til!

I heimen:

  • slå av lys i rom du ikkje oppheld deg i
  • slå heilt av TV, PC, stereo etc.
  • skru ned temperaturen
  • installer tidsbrytere
  • bruk sparepærer
På kontoret:

  • bruk feilkopiert papir som kladdeark
  • skriv ut på begge sidar
  • send epost i staden for fax
  • slå av PC & kopimaskinar på slutten av dagen
  • innfør telefonmøter og videokonferanser
Transport:

  • bruk sykkel eller beina på korte turar
  • kjør mindre bil, eller kjør saman med andre
  • senk farten / hald fartsgrensa
  • unngå fly – ta tog eller buss
  • invester i miljøbil

Fleire tips finn du mellom anna på www.klimaløftet.no

  Print  
Du er her » Startside » Isbrear og klima → » Klima i endring

Login