Søk







Prosjekt Tunsbergdalsbreen
(16.10.2009)

Første sesong av Prosjekt Tunsbergdalsbreen blei gjennomført i august, og bød på utfordringar for alle. 18 personar frå England og Noreg møttast i Fjærland for å førebu dei siste detaljane før avreise. Veret var som ellers i haust, vått.

I Fjærland blei deltakarane introdusert for bre, klimaendringar og måleprogrammet, som omfatta målingar av frontposisjon, isfart og breoverflata si høgde over havet. På Nigardsbreen fekk dei ei kort og god innføring i brevandring av breførarlaget, før dei starta turen opp til Røykjadalsbandet. Veret viste seg ikkje frå si finaste side, og det heile blei ei særdeles våt oppleving. Mengder med utstyr blei bore opp i fleire omgangar. Avgjersla om å gå inn på breen frå Røykjadalsbandet viste seg å vere meir nostalgisk enn praktisk, og etter vel ei veke med rekognoseringsturar, opplæring i bruk av utstyr og vått teltliv, bestemte dei seg for å flytte campen til Tunsbergdalsbrevatnet. Her fekk dei gjennomført dei planlagde målingane på nedre del av brearmen, ved hjelp av ein differensiell GPS, lasermålar og utplasserte steinar. Resultata frå målingane skal presenterast i utstillinga på Norsk Bremuseum, og frontposisjonsmålingane er ein del av Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) sitt breovervakingsprogram.

Tunsbergdalsbreen sett frå Røykjadalsbandet

 

Prosjekt Tunsbergdalsbreen er eit samarbeidsprosjekt mellomNorsk Bremuseum, Brathay Exploration Group og The Field Studies Council (frå Storbritannia). NVE, Statkraft og Statens Naturoppsyn har alle bidrege med fagleg ekspertise og vore gode hjelparar. Trass mykje prøving og feiling og ein heil dose frustrasjon, var deltakarane nøgde, og takkar alle som var med på å gjere ekspedisjonen mogleg!  

Bilete frå ekspedisjonen kan du sjå i Fotogalleriet

Høyrest dette spanande ut? Er du mellom 16 og 25 år? Vil du vere med på neste års ekspedisjon?

Ta kontakt på posttunsbergdalbre.no

Sjå også nettsida tunsbergdalsbreen.no

 



Lagt inn av: Magnhild Sægrov - Lest: 944 ganger

Fleire saker

  Skriv ut  
Du er her » Startside » Siste nytt

Logg inn