Norsk Bremuseum
6848 Fjærland

Tel: +47 57 69 32 88
Mobil: +47 97 68 02 28
Fax: +47 57 69 32 87

E-mail: post@bre.museum.no

Facebook

120 Fv152
Sogn og Fjordane, 6848

+47 57 69 32 88

Norsk Bremuseum & Ulltveit-Moe senter for klimaviten, eit opplevingsmuseum om brear og klima for heile familien. Norsk Bremuseum ligg i Fjærland  i Sogndal kommune, og er eit offisielt Nasjonalparksenter for Jostedalsbreen.

DSC_0177.JPG

Breutløparar frå Jostedalsbreen

Norsk Bremuseum har samla informasjon om nokre breutløparar frå Jostedalsbreen. Her kan du lære om Bøyabreen og Supphellebreen i Fjærland, og Nigardsbreen i Jostedalen som er ein av Noregs mest kjende og mest studerte brearmar.

Breutløparar frå Jostedalsbreen

Norsk Bremuseum har samla informasjon om nokre breutløparar frå Jostedalsbreen. Her kan du lære om Bøyabreen og Supphellebreen i Fjærland, og Nigardsbreen i Jostedalen som er ein av Noregs mest kjende og mest studerte brearmar. Totalt er det 37 namngjevne brearmar som strøymer ut frå Jostedalsbreen.

På kartet ligner Jostedalsbreen et fantasidyr som klamrer seg til fjellene med mange armer ned i dalene.
— Orheim, O. 2009. Norske isbreer.

Bøyabreen

Bøyabreen er ein kort og bratt brearm sør på Jostedalsbreen som kjem ned i Fjærland. I dag er det ein nedre del som ikkje heng saman med hovudbrefallet. Den nedre delen er ein regenerert bre som er avhengig av å få tilført så mykje snø og is frå hovudbrefallet at den ikkje smeltar vekk. Men ein treng ikkje gå lenger tilbake i tid enn til 1990-talet før dei to delane av breen hang saman. Tidlegare har breen sjølvsagt vore ei samanhengda masse ned i dalen, som til dømes på biletet frå 1868.

Bøyabreen er 5,7 km lang og dekkar eit areal på 13,9 km2. Dreneringsbassenget startar 1730 m o.h. og endar kring 490 m o.h. Nokre hundre meter under denne fronten startar den regenererte delen av Bøyabreen. Fronten på den regenererte delen av Bøyabreen går heilt ned til 150 m o.h., og er den delen av breen der det blir tatt frontposisjonsmålingar. Desse målingane er det Norsk Bremuseum som gjer for NVE.

I 1972 styrta det eit småfly i øvre deler av Bøyabreen. Piloten døydde. Mannen vart henta ut, men sjølve flyet vart liggande att på breen. Flyet har sidan blitt ”tatt” av breen, og i dag ventar vi på at restane frå flyet skal dukke opp i fronten.

Bøyabreen ligg like ved riksveg 5. Det er mogleg å køyre til den sommaropne restauranten Brævasshytta, under 1 km frå brefronten. Brævasshytta er bygd inn i ein morenerygg som Bøyabreen avsette i 1930. Brearmen har vore mykje vitja av turistar heilt frå slutten av 1800-talet. Årsaka er at den er og har vore lett tilgjengeleg. Før kom utanlandske turistar med cruisebåtar inn fjordane i Noreg. Ingen annan stad i Sør Noreg er avstanden frå fjorden til breane kortare enn i Fjærland, og turistane kunne bli frakta opp til breane med hesteskyss.


Supphellebreen

Supphellebreen er óg ein brearm frå Jostedalsbreen som kjem ned i Fjærland. Den består av ein relativt slak øvre del (kalla Flatbreen) ned til kring 1000 m o.h. før den går bratt ned mot Supphelledalen. I dalbotnen ligg det ein regenerert del av Supphellebreen, som eksisterer på grunn av stor tilførsel av snø og is frå hovudbreen over. Supphellebreen går frå 1730 m.o.h. ned til 720 m.o.h. Lengda er 8,4 km og breen har eit areal på 11,8 km2.

Den regenererte delen av breen startar fleire hundre høgdemeter nedanfor hovudbreen. Brefronten når heilt ned til om lag 60 m.o.h., noko som gjer breen til den lågastliggande breen i Sør-Noreg. Det er også på den regenererte delen av Supphellebreen at brefrontmålingane blir tekne.

Under ”den vesle istida” nådde Supphellebreen si maksimale utbreiing kring 1750 e.Kr. Mest truleg nådde ikkje den regenererte delen av Supphellebreen hovudbreen på denne tida heller. Likevel låg brefronten nesten 1 km lenger ute i dalen enn i dag. I området framom dagens bre finn ein fleire tydelege moreneryggar som Supphellebreen har avsett i periodar då breen anten har stått i ro eller hatt mindre framrykk.

Det er gjort fleire glasiologiske målingar på Supphellebreen. Massebalanse er målt i periodar mellom 1964 og 1982, medan frontposisjonsmålingar er målt i tre periodar. Periodane med frontposisjonsmålingar har ein ennå ikkje klart å binde saman, og difor har ein vore nøydd å starte på null for kvar periode. Dei siste åra (frå 1992) har Bremuseet gjort målingane for NVE.

På same måte som Bøyabreen, har Supphellebreen vore ein mykje vitja brearm. Dette kan i stor grad tilskrivast at den lette tilgjengelegheita, før den korte vegen frå fjorden, i dag den korte avstikkaren frå riksveg 5.

Nigardsbreen

Nigardsbreen er ein av Noregs mest kjende og mest studerte brearmar. Frå breplatået buktar den seg nedover gjennom ein trong dal austover ned mot Jostedalen. Breen er kring 10 km lang og går frå 1946 m.o.h. til om lag 345 m.o.h. Den har det nest største dreneringsbassenget på heile breen med sine 42 km2, men berre 6 % av breen ligg under 1200 m o.h. Breen vender seg mot søraust.

På grunn av den karakteristiske forma, den lette tilgjengelegheita og tilbod om breturar, er brearmen eit populært reisemål for turistar.

Sidan 1899 er frontposisjonen på breen målt og massebalansemålingar er gjort kontinuerleg sidan 1962. I tillegg er isrørsle, meteorologiske data, og avløp og sedimenttransport blitt målt. Området framom Nigardsbreen er grundig undersøkt i fleire arbeid, både naturgeografiske og botaniske. Under ”den vesle istidas” maksimum i 1748 låg breen kring 4,5 km lenger nede i dalen enn i dag. Etter at breen hadde nådd sin maksimale posisjon, smelta den tilbake med nokre opphald eller mindre framstøyt som danna moreneryggar. Desse moreneryggane kan gi viktig informasjon om storleiken til breen og om tidspunktet når breen nådde ei viss utstrekking. Etter at breen trekk seg tilbake vil området vere ope for planteimmigrantar. I eit slikt landskap får ein primær suksesjon, der ein kan følgje med korleis artssamansetnaden endrar seg over tid, på same måte som til dømes etter siste istid.