Norsk Bremuseum
6848 Fjærland

Tel: +47 57 69 32 88
Mobil: +47 97 68 02 28
Fax: +47 57 69 32 87

E-mail: post@bre.museum.no

Facebook

120 Fv152
Sogn og Fjordane, 6848

+47 57 69 32 88

Norsk Bremuseum & Ulltveit-Moe senter for klimaviten, eit opplevingsmuseum om brear og klima for heile familien. Norsk Bremuseum ligg i Fjærland  i Sogndal kommune, og er eit offisielt Nasjonalparksenter for Jostedalsbreen.

Eksperiment

Her finst det eksperiment som illustrerer og demonstrerer ulike sider ved brear, klimaendringar og geomorfologi.

Eksperiment

Her finst det eksperiment som illustrerer og demonstrerer ulike sider ved brear, klimaendringar og geomorfologi. Utføringa av eksperimenta er skildra, kva førebuing som krevast, det er lista opp kva utstyr som trengs og til kvart forsøk er det eit sett med spørsmål som er aktuelle til temaet.

 

1. Nordpolen og Sørpolen - Kva skjer om isen på polane smeltar? Er det forskjell på nord- og sørpolen? Kva vil skje med havnivået? Prøv deg, og finn ut kva som skjer! Tid: 1-2 skuletimar. Førebuing: ja.  Fasit finn du her!

2. Sylinder med sand og vatn - Kvifor er breelver grøne? Korleis oppstår eit delta? Kva er forskjellen på grus, sand, silt og leire? Test sylinderen og finn svaret! Tid: 20-30 minutt. Førebuing: ja. Fasit finn du her!

3. Bresprekker - Lag ein enkel modell av ein bre, og sjå korleis bresprekker oppstår! Tid: 20-30 minutt. Fasit finn du her

4. Skure-is - Kvar kjem sanda, silten og leira i breelva frå? Lag skure-isen og sjå korleis breen sliper underlaget. Tid: 10-15 minutt. Førebuing: ja. Fasit finn du her!

5. Jökulhlaup - Brå tapping av bredemt vatn. Kva er eit jökulhlaup? Kan ei morenedemning briste? Tid: 30 min. Førebuing: ja. Eksperimentet er utvikla av Earth Learning Idea.