Norsk Bremuseum
6848 Fjærland

Tel: +47 57 69 32 88
Mobil: +47 97 68 02 28
Fax: +47 57 69 32 87

E-mail: post@bre.museum.no

Facebook

120 Fv152
Sogn og Fjordane, 6848

+47 57 69 32 88

Norsk Bremuseum & Ulltveit-Moe senter for klimaviten, eit opplevingsmuseum om brear og klima for heile familien. Norsk Bremuseum ligg i Fjærland  i Sogndal kommune, og er eit offisielt Nasjonalparksenter for Jostedalsbreen.

0011-ts-PICT0403.JPG

Forsking på breen

Breen kan bli nytta til så mangt. Mange nyttar breen for å gå på tur, andre tenkjer på breen som eit viktig vassreservoar for kraftproduksjonen i landet, medan andre att nyttar breen til forsking, mellom anna på klima.

Forsking på breen

Breen kan bli nytta til så mangt. Mange nyttar breen for å gå på tur, andre tenkjer på breen som eit viktig vassreservoar for kraftproduksjonen i landet, medan andre att nyttar breen til forsking, mellom anna på klima.

Mykje arbeid blir gjort for å følgje med på utviklinga på Jostedalsbreen. I dag blir endringar i brefronten målt på 13 av Jostedalsbreen sine brearmar, samt at massebalansen på Nigardsbreen og Austdalsbreen blir målt. Dette er ein del av breovervakinga til NVE. For å få kunnskap om breen lenger tilbake i tid kan t.d. gamle bilete, historiske dokument, datering av moreneryggar og analysar av sediment nyttast.

Bremålingar på Jostedalsbreen. Foto: NVE

Bremålingar på Jostedalsbreen. Foto: NVE

Massebalanse

Massebalansen på ein bre er nettoendringa av massen til breen over eitt år. Breen sin massebalanse kan samanliknast med eit rekneskap, der tilførsel av snø og is blir inntekta medan tap av masse er utgifta. Dersom breen får tilført meir masse enn det som forsvinn, er det positiv massebalanse. Om breen mistar meir masse enn det som tilført, er det ein negativ massebalanse.

”Inntekta” til breen, altså massen breen får tilført i form av snø og is, kjem frå direkte snøfall, snøskred og vindblåst snø frå omkringliggande fjell. Dette blir kalla akkumulasjon. ”Utgifta” til breen, eller tap av masse, er i all hovudsak prosessar som smelting, fordamping og sublimasjon, i tillegg kjem eventuelle isras og kalving. Tap av masse på ein isbre blir kalla ablasjon.

 

Kva bestemmer inntekta og utgifta?

Dei ulike årstidene bidrar ulikt til massebalansen. På hausten og våren vil det ofte snø på dei øvre delane av breen, medan det smeltar på dei nedre delane. Breen vil i all hovudsak få tilført snø på heile overflata om vinteren, og det er ingen eller lite smelting. Om sommaren er det berre dei aller øvste delane som kanskje får tilført noko snø, men størstedelen av breen mister snø og is på denne årstida.

Skjematisk tverrsnitt av ein bre.

Skjematisk tverrsnitt av ein bre.

Tuftebreen. Likevektslina er i skillet mellom blåis og snø. Foto: Pål Gran Kielland.

Tuftebreen. Likevektslina er i skillet mellom blåis og snø. Foto: Pål Gran Kielland.

Massebalansemålingar

Det er vanleg å måle massebalansen på hausten, etter at sommarsmeltinga er ferdig. Då kan ein sjå om breen fekk tilført meir snø og is enn det som smelta gjennom sommaren, eller ikkje. Området på breen der all snøen og noko av isen smeltar kvar sommar, den nedre delen eller blåisen, kallar vi for breen sitt avsmeltingsområde, eller ablasjonsområde. Området på breen der ikkje all snøen smeltar vekk om sommaren kallar vi for breen sitt næringsområde, eller akkumulasjonsområde. For ein isbre i likevekt er det eit forhold mellom arealet på akkumulasjonsområdet og ablasjonsområdet. På dei fleste breane i Noreg utgjer akkumulasjonsområdet 65±5 %.

 

Likevektslinja

Gjennom smeltesesongen vil grensa mellom årets snø og blåis krype oppover på breen, og denne grensa blir kalla snølinja. Likevektslinja er høgda på breen der snølinja ligg på slutten av smeltesesongen (september/oktober). Her er akkumulasjonen er lik ablasjonen (grensa mellom årets snø og blåis). Høgda på likevektslinja fortel korleis tilstanden til breen er. Mykje vinternedbør og/eller kjølig sommar fører til at likevektslinja vil ligge lågt på breen og motsett. Til dømes vil fleire år med positiv massebalanse/låg likevektslinje etter nokre år få brefronten til å rykke fram. Gravitasjonskreftene fører til isrørsle som vil transportere overskotet av masse frå akkumulasjonsområdet til ablasjonsområdet.