Norsk Bremuseum
6848 Fjærland

Tel: +47 57 69 32 88
Mobil: +47 97 68 02 28
Fax: +47 57 69 32 87

E-mail: post@bre.museum.no

Facebook

120 Fv152
Sogn og Fjordane, 6848

+47 57 69 32 88

Norsk Bremuseum & Ulltveit-Moe senter for klimaviten, eit opplevingsmuseum om brear og klima for heile familien. Norsk Bremuseum ligg i Fjærland  i Sogndal kommune, og er eit offisielt Nasjonalparksenter for Jostedalsbreen.

Jøkulhlaup frå Flatbreen

Jøkulhlaup er ei brå tapping av ein bredemt sjø. I 2004 utvikla eit jøkulhlaup frå Flatbreen seg til å bli Supphelleskredet.

Jøkulhlaup frå Flatbreen

Jøkulhlaup er ei brå tapping av ein bredemt sjø. I 2004 utvikla eit jøkulhlaup frå Flatbreen seg til å bli Supphelleskredet.

Over 50 000 m3 vatn bryt ut gjennom morenedemninga framfor Flatbreen rundt 1000 m.o.h. og fløymer nedover Tverrdalen, ein sidedal til Supphelledalen i Fjærland. Stein, grus og leire blir rive med av vatnet som kjem flaumande i 50 km/t nedover fjellsida. Grøne marker og jordbruksland i Supphelledalen blir i løpet av kort tid dekt med leire og sand, og steinar og tre ligg spreidd utover.

Kampesteinar og anna grovmateriale endar i ei 75 000 m2 stor steinvifte, medan finare materiale og vatn fløymer over dei grøne markene i Supphelledalen og følger elva mot fjorden. 250 000 m2 jordbruksland blir overfløymd og dekt med 125 000 m3 finmateriale. 1 km frå steinvifta er gjørmelaget opptil 50 cm tjukt.

 

Kva skjedde?

Hendinga skjedde etter dagar med uvanleg høg temperatur for årstida, noko som førte til stor snøsmelting. Normalt blir det danna dreneringskanalar under breen i løpet av våren slik at smeltevatnet frå breen drenerer ned mot den regenererte delen av Supphellebreen lenger inne i dalen.

Denne dagen, 8. mai 2004, var ikkje dreneringskanalane store nok. Dermed blei ikkje smeltevatnet drenert til Supphelledalen, men samla seg under breen og i innsjøen framfor breen på kring 1000 moh. Denne er demt opp av Flatbreen på eine sida og ein stor morenerygg danna under ”den vesle istida” (1750) på den andre. Moreneryggen er 650 m lang og mellom 25 og 50 m høg. Moreneryggen hadde eit svakt punkt - ei gammal opning i morenen som vart delvis lukka under breframstøyten på 1990-talet.

Til slutt gav det svake punktet i moreneryggen etter og eit 35 m vidt og 15 m djupt V-forma skar vart grave ut, noko som førte til ei rask tapping av den bredemte innsjøen. Slike plutselege tappingar av bredemte sjøar blir kalla jökulhlaup. Volumet vatn som vart tappa frå sjølve innsjøen er utrekna til kring 50 000 m3, men tilsvarande vassmengde kan også ha vore lagra i og under breen. Omlag 25 000 m3 av moreneryggen vart erodert vekk i hendinga.

 

Flaumskred

Vatnet og massane frå morenen fløymde mot Tverrdalen, ein sidedal til Supphelledalen. Først over eit relativt flatt parti, så like forbi Flatbrehytta, og deretter ned ei bratt fjellskråning med bart fjell. Like nedanfor fjellskråninga, kring 600 moh., traff flaumen eit tjukkare lausmassedekke og byrja å erodere. Stadig meir materiale vart dratt med av vassmassane. Erosjonsbana var på det breiaste 50 m og på det djupaste 8 m. Flaumen utvikla seg til eit flaumskred og dei opphavelege 25 000 m3 sediment frå morenen vaks til 240 000 m3 på vegen. I følgje augevitne kom flaumskredet ned mot Supphelledalen med ein fart på kring 50 km/t og framsto som ei 10 m høg bølgje med ein bratt front av store steinblokker.

Der Tverrdalen møter Supphelledalen flater terrenget ut. Ei stor steinvifte vart avsett her, om lag  3 km frå, og 1000 m lågare enn brotstaden i moreneryggen. Vifta dekkjer eit areal på 75 000 m2, har ei lengd på 420 m og er 300 m brei. Tjukkleiken på avsetjinga var opptil 5 m i det sentrale området, og volumet er utrekna til å vere 105 000 m3. Den imponerande steinvifta gjekk tvers over vegen i Supphelledalen og dekka den tidlegare parkeringsplassen som har vore eit populært utgangspunkt for tur- og brevandring.

Dette skjedde i mai, på ein stad og ei tid då området er mykje nytta av turfolk. Det var folk ved Flatbrehytta, og i lia på nordsida av Tverrdøla, og folk køyrde forbi nede i dalen like før skredet kom. Utruleg nok vart ingen, verken folk eller dyr, skadde og ingen bilar stod parkert på den tidlegare parkeringsplassen som vart dekka av steinvifta. Jordbruksarealet som vart oversvømt og turstien opp til Flatbrehytta var faktisk det som fekk hardast medfart.

 

Kjelder: Breien, H. 2005. On the dynamics of debris flows. Masteroppgåve UiO.

 

Vil du lære meir om flaumskredet? Ta kontakt med post[at]bre.museum.no

Flatbreen med den mektige endemorenen i 2007. Foto: Gaute Dvergsdal Bøyum.

Flatbreen med den mektige endemorenen i 2007. Foto: Gaute Dvergsdal Bøyum.

Opninga i moreneryggen 11.05.2004. Foto: Anders Jarle Muldsvor, NVE.

Opninga i moreneryggen 11.05.2004. Foto: Anders Jarle Muldsvor, NVE.

Steinvifta som vart avsett av flaumskredet. Foto: Krister Kristensen, NGI.

Steinvifta som vart avsett av flaumskredet. Foto: Krister Kristensen, NGI.

Vegen mellom Øygard og Supphella 14.05.2004. Foto: Hallgeir Elvehøy, NVE.

Vegen mellom Øygard og Supphella 14.05.2004. Foto: Hallgeir Elvehøy, NVE.

Skredløpet i 2007. Foto: Anders Elverhøi, UiO.

Skredløpet i 2007. Foto: Anders Elverhøi, UiO.

Utsikta nedover Supphelledalen etter skredet. Foto: Norsk Bremuseum

Utsikta nedover Supphelledalen etter skredet. Foto: Norsk Bremuseum