Norsk Bremuseum
6848 Fjærland

Tel: +47 57 69 32 88
Mobil: +47 97 68 02 28
Fax: +47 57 69 32 87

E-mail: post@bre.museum.no

Facebook

120 Fv152
Sogn og Fjordane, 6848

+47 57 69 32 88

Norsk Bremuseum & Ulltveit-Moe senter for klimaviten, eit opplevingsmuseum om brear og klima for heile familien. Norsk Bremuseum ligg i Fjærland  i Sogndal kommune, og er eit offisielt Nasjonalparksenter for Jostedalsbreen.

IMGP0240-Tunsbergdalsbreen-Morgan Gibson 2010.JPG

Jostedalsbreen

Jostedalsbreen er den største breen på det Europeiske fastlandet. Hjå Norsk Bremuseum kan du lære meir om Jostedalsbreen og kor du finn kjende brearmar som Briksdalsbreen, Nigardsbreen, Bøyabreen og Supphellebreen.

Jostedalsbreen

Supphellebreen 2012. Foto: Pål Gran Kielland.

Jostedalsbreen er den største breen på det europeiske fastlandet og  dekkar store delar av fjellområdet mellom Sogn og Nordfjord, med sine 474 km2. Lengda på isbreen er kring 60 kilometer frå Skjåk i nordaust til Fjærland/Jølster i sørvest, medan breidda varierar heilt ned til under 2 kilometer. Også istjukkleiken varierar mykje sidan det er store høgdeskilnader under isen, og fleire stader er isen over 500 meter tjukk. På det meste er isen på Jostedalsbreen om lag 600 meter tjukk.

Jostedalsbreen er ein platåbre med mange breutløparar kor 37 av desse er namngjevne. Nokre av desse er kjende brearmar som Briksdalsbreen, Nigardsbreen, Tunsbergdalsbreen, Bøyabreen og Supphellebreen. Sjølve breplatået er eit bølgjete landskap mellom ca 1750 og 1950 m o.h., medan brearmane ned frå platået er bratte og dramatiske. Mange av desse brearmane når heilt ned til 300-400 m o.h., og ved den regenererte breen Supphellebreen ligg brefronten heilt nede på 60 m o.h.

Det høgste punktet på sjølve Jostedalsbreen er Høgste Breakulen, som ligg 1957 m o.h. Det er fleire nunatakar som stikk opp frå breplatået og to av desse er fjelltoppar over 2000 meter. Den mest kjende og den høgste av desse er Lodalskåpa (2083 m o.h.), også kalla Vestlandsdronninga. Brenibba (2018 m o.h.) er den nest høgaste nunataken kring Jostedalsbreen.

På kartet ligner Jostedalsbreen et fantasidyr som klamrer seg til fjellene med mange armer ned i dalene.
— Orheim, O. 2009. Norske isbreer.

Kart over Jostedalsbreen som syner dei 37 namngjevne brearmane. Kartet er henta frå boka Norske isbreer av Orheim, O. 2009.

Dei store kontrastane og raske skiftingar av ulike naturtypar, ver og høgde gjer området spennande for turgåarar. Dei frodige dalane rundt Jostedalsbreen står i skarp kontrast til den store is- og snømassen. Utfordringane er mange for turgåarar i dette dramatiske fjell- og brelandskapet, og naturopplevingane står i kø. Området fekk status som nasjonalpark i 1991.

 

Bøker om Jostedalsbreen

Bøker til utlån/salg på Norsk Bremuseum:

  • Andersen, B. G. 2000: Istider i Norge. Landskap formet av istidens breer. 419,- kr.
  • John, B. 1999: Walks in the world of ice. 30,- kr. 
  • John, B. 1996: How glaciers move. 25,- kr.
  • Karlsen, O. G. 1992: Ei verd av is. 10,- kr.
  • Weichert, K. 2008: Jostedalsbreen. 198,- kr.
  • Orheim, O. 2009. Norske isbreer. 299,- kr.
  • Wold, B. & Ryvarden, L. 1996. Jostedalsbreen - Norges største isbre. 149,- kr.

Viss du lurar på noko er det berre å ta kontakt med Norsk Bremuseum! Send gjerne epost til 
post[at]bre.museum.no eller ring 57 69 32 88!

Les meir om:

Jostedalsbreen nasjonalpark
Breutløparar frå Jostedalsbreen
Jøkulhlaup frå Flatbreen
Jøkulhlaup - brå tapping av bredemt vatn 
Livet på og ved breen
Bremålingar på Jostedalsbreen