Norsk Bremuseum
6848 Fjærland

Tel: +47 57 69 32 88
Mobil: +47 97 68 02 28
Fax: +47 57 69 32 87

E-mail: post@bre.museum.no

Facebook

120 Fv152
Sogn og Fjordane, 6848

+47 57 69 32 88

Norsk Bremuseum & Ulltveit-Moe senter for klimaviten, eit opplevingsmuseum om brear og klima for heile familien. Norsk Bremuseum ligg i Fjærland  i Sogndal kommune, og er eit offisielt Nasjonalparksenter for Jostedalsbreen.

_MG_22750.jpg

Jostedalsbreen nasjonalpark

Norsk Bremuseum er eit offentleg godkjent nasjonalparksenter, med særskilt informasjon om Jostedalsbreen nasjonalpark. Nasjonalparken er eit landskap forma av is og vatn.

Jostedalsbreen nasjonalpark

Norsk Bremuseum er eit offentleg godkjent nasjonalparksenter, med særskilt informasjon om Jostedalsbreen nasjonalpark. Nasjonalparken er eit landskap forma av is og vatn. Nasjonalparken blei oppretta ved kongeleg resolusjon 25. oktober 1991. Arealet er på 1315 km², halvparten er bre og 90 % av nasjonalparken ligg høgare enn 800 m o.h. Jostedalsbreen er den største breen på det europeiske fastlandet med ei flate på 474 km².

Føremålet med nasjonalparken er 

  • å verne eit stort, variert og verdfullt breområde med tilhøyrande område med plante- og dyreliv og geologiske førekomstar frå lågland til høgfjell
  • å gi høve til naturopplevingar ved å drive friluftsliv som er lite avhengig av teknisk tilrettelegging
  • å verne om kulturminne og kulturlandskap

 

Fakta om Jostedalsbreen

Areal: 474 km²
Lengde: 60 km
Største høgde: 1957 m o.h. (Høgste Breakulen)
Minste høgde: 60 m o.h. (foten av Supphellebreen)
Maksimal tjukkleik: 571 m
Størst målt årleg snøfall: 12 m
Total utgraving av steinmateriale: 400.000 tonn/år (tilsvarar kring 40 000 lastebillass)
Brevolum: 73 km³ Ferskvassinnhald: 73 · 10¹² liter = 300 tusen millionar badekar med vatn
= Heile Noreg sitt vassforbruk i 100 år

Meir informasjon om Jostedalsbreen Nasjonalpark finn du her.