Norsk Bremuseum
6848 Fjærland

Tel: +47 57 69 32 88
Mobil: +47 97 68 02 28
Fax: +47 57 69 32 87

E-mail: post@bre.museum.no

Facebook

120 Fv152
Sogn og Fjordane, 6848

+47 57 69 32 88

Norsk Bremuseum & Ulltveit-Moe senter for klimaviten, eit opplevingsmuseum om brear og klima for heile familien. Norsk Bremuseum ligg i Fjærland  i Sogndal kommune, og er eit offisielt Nasjonalparksenter for Jostedalsbreen.

Klima i endring

Brear reagerer på endring i klima, difor gjev undersøkingane av breane verdiful informasjon for klimaforskinga. 

Klima i endring

Atmosfæren - det beskyttande filteret kring jorda vår.

Atmosfæren - det beskyttande filteret kring jorda vår.

Brear reagerer på endring i klima, difor gjev undersøkingane av breane verdiful informasjon for klimaforskinga. På Grønland og i Antarktis tek forskarar ut fleire kilometer lange borekjerner av is. I desse er det lagra informasjon om klimaet i fortida, litt over 800 000 år tilbake, og forskarane kan seie noko om at vi har eit klima i endring.

 

Kvifor er vi sikre på at våre utslepp av drivhusgassar har endra klimaet?

Figur 1 viser korleis konsentrasjon av drivhusgassen karbondioksid i atmosfæren (raud) og temperatur (blå) har variert dei siste 800 000 år. Dei naturlege klimaendringar gjennom denne perioden har ein periodisitet på ca. 100 000 år, med relativt korte, varme mellomistider, og lange istider. Desse variasjonane er knytt til endringar i jorda si bane rundt sola, som er forsterka av drivhusgassvariasjonane.

Gjennom brenning av kol og petroleumsprodukt har vi menneske no heva karbondioksid-nivået like mykje som dei naturlege forskjellane frå istid til mellomistid, som svarer til omlag 8 °C. Det må føre til oppvarming, og ein varmare atmosfære vil også i gjennomsnitt innehalde meir vassdamp og gje auka nedbør.

Figur 1: Figuren viser korleis CO2 konsentrasjon i atmosfæren og temperatur har svinga dei siste 800 000 åra. Resultata er funne etter undersøking av iskjerner henta frå 3,060–3,270 meter nede i isdekket på Antarktis. Figuren er modifisert etter Lüthi m.fl. 2008.

Kva skjer med klimaet?

Figur 2 viser at den globale temperaturen har stige særleg kraftig i frå 1980. Tala for 1998, 2005, 2010 og 2014 viste at desse åra var dei varmaste heilt til 2015 tok rekorden. Dei 19 varmaste år på jordoverflata sidan meteorologiske målingar tok til har funne stad i dei siste 20 år. Sidan 1980 har kvart tiår blitt varmare, med det siste tiåret (2000-2010) som det varmaste.

Alle forskarar er einige om at drivhusgassane har auka, og at dette i seg sjølv fører til klimaendring. Men det er verdt å merke at i perioden 1940-1980 var det ikkje temperaturauke, trass i at mengda drivhusgassar også auka då. Dette viser at klimaet til ein kvar tid er eit resultat av både menneskeleg påverknad og naturlege svingingar. Forskarane er framleis ueinige når det gjeld prognosane for klimaet i framtida. Dette er fyrst og fremst knytt til usikkerheit i balanse mellom naturlege og menneskeskapte endringar. Dessutan er det framleis usikkert i kva for ein grad havet spelar ein rolle og korleis forsterkarmekanismar bidreg. Ein særleg viktig slik mekanisme er når jordoverflata blir endra frå snø/is til vatn.

Figur 2: Global gjennomsnittstemperatur 1850 - i dag. Climatic Research Unit.

Dei fleste klimaforskarar meiner at innan 2050 vil klimaet på jorda komme utafor temperaturintervalla som menneske og menneskeliknande skapningar har opplevd. Då går vi inn i ei klimaverd som vi veit lite om, og der kan tilpassing bli mykje vanskelegare enn den vil vere i klimaet som ventar oss dei neste få tiår. Å handle riktig i ein slik verd må vere basert på innsikt og ikkje frykt. 

Kjelder til menneskeskapt CO2-utslepp: Energiproduksjon 24 % Industri 19 % Skogbruk og avskoging 17 % Landbruk 14 % Trafikk 13 % Bygg & anlegg 8 % Avfall 3 % Flytrafikk 2 %

Dersom alle menneska på jorda skulle leve slik vi gjer, ville det krevja energi og resurssar tilsvarande meir enn 3 planetar...

Dei klimatiske utfordringane vi står ovanfor vil krevje handling på mange nivå. Dei største må løysast gjennom internasjonalt og nasjonalt leiarskap, men kva den enkelte gjer er òg svært viktig - at mange gjer litt kan ha stor effekt. Her er nokre tips til kva vi alle kan bidra med. Lukke til!

I heimen:

  • slå av lys i rom du ikkje oppheld deg i
  • slå heilt av TV, PC, stereo etc.
  • skru ned temperaturen
  • installer tidsbrytere
  • bruk sparepærer 

 

På kontoret:

  • bruk feilkopiert papir som kladdeark
  • skriv ut på begge sidar
  • send epost i staden for fax
  • slå av PC & kopimaskinar på slutten av dagen
  • innfør telefonmøter og videokonferanser 

 

Transport:

  • bruk sykkel eller beina på korte turar
  • kjør mindre bil, eller kjør saman med andre
  • senk farten / hald fartsgrensa
  • unngå fly – ta tog eller buss
  • invester i miljøbil 

 

Fleire tips finn du mellom anna på www.klimaløftet.no