Norsk Bremuseum
6848 Fjærland

Tel: +47 57 69 32 88
Mobil: +47 97 68 02 28
Fax: +47 57 69 32 87

E-mail: post@bre.museum.no

Facebook

120 Fv152
Sogn og Fjordane, 6848

+47 57 69 32 88

Norsk Bremuseum & Ulltveit-Moe senter for klimaviten, eit opplevingsmuseum om brear og klima for heile familien. Norsk Bremuseum ligg i Fjærland  i Sogndal kommune, og er eit offisielt Nasjonalparksenter for Jostedalsbreen.

Kva skjer?

Kva skjer? Her finn du nyhende og kva som er aktuelt ved Norsk Bremuseum.

Tur til Myrhaugsnipa med Sogndal Turlag laurdag 9. august

Pål Gran Kielland

Myrhaugsnipa (1443 m.o.h.) ligg innafor Flatbrehytta i Fjærland, sjå den raude pila i biletet. Dette er ein tur som går i samarbeid mellom Sogndal Turlag og Norsk Bremuseum. Glasiolog, fjærlending og professor Olav Orheim er med som turleiar og kjentmann. 

FJ(RGB)-ny-FL-red.jpg

Det er ein lang tur med i alt 1400 høgdemeter og ei mindre brekryssing. Men som gevinst får ein eit utruleg flott utsyn over Supphellebreen og ut Fjærlandsfjorden. Turen er tung og er venta å ta kring 8 timar.

Frammøte på Almenningen i Sogndal kl. 08:30 og avgang frå parkeringsplassen ved Øygard 09:15. Ta kontakt med turlaget innan torsdag 7. august viss de ynskjer å låne breutstyr (stegjarn og isøks).

Kart: Turkart Sogndal-Leikanger eller 10055 Sogndal i Norge-serien.

Turleiarar: Pål Kielland (461 97 627) og Olav Orheim.