Norsk Bremuseum
6848 Fjærland

Tel: +47 57 69 32 88
Mobil: +47 97 68 02 28
Fax: +47 57 69 32 87

E-mail: post@bre.museum.no

Facebook

120 Fv152
Sogn og Fjordane, 6848

+47 57 69 32 88

Norsk Bremuseum & Ulltveit-Moe senter for klimaviten, eit opplevingsmuseum om brear og klima for heile familien. Norsk Bremuseum ligg i Fjærland  i Sogndal kommune, og er eit offisielt Nasjonalparksenter for Jostedalsbreen.

Kva skjer?

Kva skjer? Her finn du nyhende og kva som er aktuelt ved Norsk Bremuseum.

25 års jubileum

Pål Gran Kielland

Stiftinga Norsk Bremuseum & Ulltveit-Moe senter for klimaviten fyller 25 år og arrangerar klimaseminar i Oslo om:
 
«Havnivåstigning som konsekvens av bresmelting – kva veit vi eigentleg?»

Fredag 16. januar møtast profilerte klimaforskarar, dei norske professorane Jon Ove Hagen, Jan Mangerud og Atle Nesje, og Jason Box frå Danmarks Geologiske Undersøkelse, i Videnskaps-Akademiet for å fortelja siste nytt om framtidas havnivå.

Norsk Bremuseum på ein typisk idyllisk sommardag i Fjærland. Foto: Gaute D. Bøyum 2014.

I tillegg til klimaforskarane vil Jens Ulltveit-Moe snakke om «inspirerande formidling som nykkel til politisk handling», statssekretær Lars Andreas Lunde i KLD held eit innlegg om «klimapolitikk og samfunnsendringar», og Camilla Schreiner frå Noregs Forskingsråd snakkar om klimaforskning og klimaformidling.

Dr. Olav Orheim, styreleiar ved Norsk Bremuseum, glasiolog, klimaforskar og tidlegare direktør ved Norsk Polarinstitutt, vil fortelja historien om Norsk Bremuseum - eit av Noregs mest vellukka tiltak innan bre- og klimaformidling.