Norsk Bremuseum
6848 Fjærland

Tel: +47 57 69 32 88
Mobil: +47 97 68 02 28
Fax: +47 57 69 32 87

E-mail: post@bre.museum.no

Facebook

120 Fv152
Sogn og Fjordane, 6848

+47 57 69 32 88

Norsk Bremuseum & Ulltveit-Moe senter for klimaviten, eit opplevingsmuseum om brear og klima for heile familien. Norsk Bremuseum ligg i Fjærland  i Sogndal kommune, og er eit offisielt Nasjonalparksenter for Jostedalsbreen.

Kva skjer?

Kva skjer? Her finn du nyhende og kva som er aktuelt ved Norsk Bremuseum.

Skulens Klimarapport

Pål Gran Kielland

I samarbeid med Firda vidaregåande skule, Sogn og Fjordane fylkeskommune,  4H og United World College skal vi utvikle eit undervisingsopplegg der lærarane tek elevane med ut i naturen og i nærmiljøet til skulen.

Miljødirektoratet gir 60 000 kroner til prosjektet «Skulens Klimarapport». Pengane er løyvde gjennom Den naturlege skulesekken. Prosjektet skal auke kompetansen til både elevarar og lærarar når det gjeld berekraftig utvikling, med særleg vekt på klimaperspektivet. 

Vidaregåande elevar observerar Supphellebreen i Fjærland under ein ekskursjon. Foto: Monica Østbye Hansen.

– Målet er å gjere elevane meir bevisste om lokale konsekvensar av den globale oppvarminga, og kva vi kan gjere for klimatilpassing og berekraftig utvikling og omstilling i samfunnet. Vi er glade for at Miljødirektoratet ser verdien av dette og gler oss til å kome i gang med prosjektet for alvor, seier John Brekke, direktør ved Norsk Bremuseum & Ulltveit-Moe klimasenter.

Undervisningsopplegget legg vekt på det praktiske – elevane skal ut i naturen for å lære. Konkrete, lokale problemstillingar, utforskande arbeidsmetodar og praktisk tilnærming er sentralt. Rektor ved pilotskulen Firda vidaregåande skule, Hallgeir Hansen, meiner at kunnskap og innsikt i klimaspørsmåla blir stadig viktigare for å kunne delta aktivt i samfunnslivet.

– Det «grøne skiftet» i politikk, økonomi og samfunnsutvikling krev ny kunnskap, nye jobbar, ny teknologi og nye verdiar for komande generasjonar. Ludvigsen-utvalet skisserer trong for nye fagkombinasjonar og større vekt på djupnelæring for å gje elevane rett kompetanse for framtida. Gloppen tek mål av seg til å vere ein pionerkommune i utprøving i klima- og miljøundervisning i grunnskulen og vidaregåande skule, og vi ser difor fram til å vere pilot for «Skulens Klimarapport», seier Hansen.

Eit døme på praktisk undervising i naturen; levande formidling og tilpassa ekskursjonshefter med spørsmål som omhandlar naturgeografi, brelære og klimakunnskap. Foto: Norsk Bremuseum.

Pilotprosjektet skal vere eit fleirfagleg prosjekt for å auke kunnskapen om klima og miljø for elevar som går første året på vidaregåande skule. Det skal også vere eit viktig grunnlagsarbeid for eit større arbeid med å utvikle eit nytt programfag for studiespesialiserande utdanningsprogram på vg2 og vg3.

Det er naturleg å involvere naturfag, samfunnsfag, geografi, matematikk, norsk og kroppsøving i prosjektet, som også skal ha verdi for skulen i det langsiktige læringsarbeidet. Firda vidaregåande vert med frå starten av, men prosjektet skal også ha overføringsverdi til andre skular, med moglegheit for lokale tilpassingar.

På sikt er det eit mål å tilpasse prosjektet klassetrinn i grunnskulen.