Norsk Bremuseum
6848 Fjærland

Tel: +47 57 69 32 88
Mobil: +47 97 68 02 28
Fax: +47 57 69 32 87

E-mail: post@bre.museum.no

Facebook

120 Fv152
Sogn og Fjordane, 6848

+47 57 69 32 88

Norsk Bremuseum & Ulltveit-Moe senter for klimaviten, eit opplevingsmuseum om brear og klima for heile familien. Norsk Bremuseum ligg i Fjærland  i Sogndal kommune, og er eit offisielt Nasjonalparksenter for Jostedalsbreen.

Kva skjer?

Kva skjer? Her finn du nyhende og kva som er aktuelt ved Norsk Bremuseum.

Breanes frontposisjonsendringar i 2015

Pål Gran Kielland

Norsk Bremuseum har i haust gjennomført dei årlege frontposisjonsmålingane på nokre brear i nærområdet.

Bøyabreen og Store Supphellebreen har vore ein del av måleprogrammet sidan høvesvis 2003 og 1992. Vi har utført målingane på dei regenererte delane av breane som ligg ved foten av fjellet under brefallet. Breane har dei siste åra vore vanskelege å måle då snøskred og isras styrer korleis desse massane endrar seg, og det er ikkje alltid at vi finn blåis når vi målar dei. I tillegg smeltar breane attende på grunn av auka gjennomsnittstemperaturar. Det har ikkje vore mogleg å måle Bøyabreen og Store Supphellebreen nøyaktig nok i år, noko som gjer at vi ikkje får tal på frontposisjonsendringane. Dette er eit problem vi har venta på dei siste åra og det ser no ut til at vi må avslutte måleseriane.

Bøyabreen i Fjærland oktober 2015. (foto: Pål Gran Kielland).

Det er ikkje berre breane i Fjærland som er vanskelege å måle. Senioringeniør i NVE, Hallgeir Elvehøy, hadde dette å seie om statusen til målingane: "Det er jo synd å avbryte måleseriar, men om målingane ikkje er representative for breutviklinga, så er det ikkje anna råd. Vi vurderer å avslutte Briksdalsbreen...". For Briksdalsbreen finst det ein måleserie heilt attende til 1901 som no står i fare for også å måtte avbrytast.

Briksdalsbreen hausten 2013 sett i frå toppen av Oldeskaret (Foto: Pål Gran Kielland).

Men vi har heldigvis to andre brear som vi framleis kan måle frontposisjonen til. Dette er Vetle Supphellebreen og Haugabreen. Her målar vi direkte på blåisen i brefrontane. Vetle Supphellebreen rykka 8 meter fram og sidan vi starta å måle breen i 2011 har den totalt trekt seg 14 meter attende. Vi kan ikkje trekke konklusjonar kring utviklinga til breen frå år til år, sidan brear har ein forseinka reaksjonstid i høve klima, men resultata sidan 2011 passar diverre inn i trenden vi har med eit oppvarmande klima og minkande brear over tid. Vi har faktisk gode bevis på denne trenden, sidan det finst gamle målingar med ein ganske lang måleserie frå 1899 til 1944 der breen trakk seg over 400 meter attende. Vi fann også eit gamalt bilete frå 1884 der du tydeleg ser at det var større ismassar før i tida, noko som viser at klimaet har vorte varmare i moderne tid.

Vetle Supphellebreen i 1884 (foto: Steensrup, K.J.D.) og 2015 (foto: Pål Gran Kielland).

Målingar av fronten til Haugabreen viser ein tilbakegang på 7 meter i 2015. Vi har berre to år med målingar, men tala viser at breen har smelta totalt 20 meter attende. Heller ikkje her kan vi trekke konklusjonar kring utviklinga til breen med så kort måleserie, men vi kan sjå attende i tid då det faktisk finst målingar av Haugabreen heilt attende til perioden 1933 – 1940. Då var det Anders Briksdal som målte breen, og han registrerte at den smelta 237 meter attende i løpet av desse åra. Fastmerket han målte avstanden til breen frå var ein varde på stor stein på austsida av elva i Haugadalen. Dette var naturleg sidan han kom over Oldeskaret frå Briksdalen. Han skildra mellom anna at nedste delen av bretunga var heilt slett, noko som kunne tyde på at bretunga var ganske tunn og i tilbakegang. Ut i frå desse gamle målingane låg brekanten i 1939 truleg inst på flatene i Haugadalen, før berget går brattare opp mot dagens brefront.

Haugabreen i 1930-åra (foto: NGU) og i 2012 (foto: Pål Gran Kielland).