Norsk Bremuseum
6848 Fjærland

Tel: +47 57 69 32 88
Mobil: +47 97 68 02 28
Fax: +47 57 69 32 87

E-mail: post@bre.museum.no

Facebook

120 Fv152
Sogn og Fjordane, 6848

+47 57 69 32 88

Norsk Bremuseum & Ulltveit-Moe senter for klimaviten, eit opplevingsmuseum om brear og klima for heile familien. Norsk Bremuseum ligg i Fjærland  i Sogndal kommune, og er eit offisielt Nasjonalparksenter for Jostedalsbreen.

IMG_7745_GDB.JPG

Livet på og ved breen

Livet på og ved breen har grunnlag i ein rik natur. Rundt Jostedalsbreen er det ei enorm spennvidde i naturtypar over korte avstandar, som skuldast store variasjonar i lokalklima, store høgdeskilnader og påverknad frå breane.

Livet på og ved breen

Bøyabreen i Fjærland. Foto: Gaute Dvergsdal Bøyum.

Bøyabreen i Fjærland. Foto: Gaute Dvergsdal Bøyum.

"Frå frodige stølsdalar til bre og karrig høgfjell."

 

Livet på og ved breen har grunnlag i ein rik natur. Rundt Jostedalsbreen er det ei enorm spennvidde i naturtypar over korte avstandar, som skuldast store variasjonar i lokalklima, store høgdeskilnader og påverknad frå breane. I låglandet veks frodig edellauvskog med alm og lind og varmekrevjande planter som breiflangre og vårerteknapp, medan 1500 m høgare veks alpin vegetasjon med issoleie og greplyng.

Framfor bretungene i låglandet set pionerplanter som raudsildre og brearve farge på det grå landskapet. Plantene si naturlege innvandring når breen trekkjer seg tilbake i dalane er ein viktig grunn for vern som nasjonalpark.

Flaummarkskogen på dei slake breelvslettene er tilpassa elvane si skifting i vassføring og elveløp og utgjer ein særleg kvalitet i nasjonalparken. Fåbergstølsgrandane er den største aktive breelvsletta i Noreg.

Den store variasjonen i plantelivet avspeglar seg i dyrelivet. På breane er det lite dyreliv, berre sporadisk vandrar hjorten og dei store rovdyra som gaupe og jerv over breen. Men den vakre snøsporven vil du kunne møte på fjelltoppane kring breen. Lengst nord i nasjonalparken lever villreinen. I fjell og dalar kring Jostedalsbreen vil du også kunne sjå nokre av dei store rovfuglane som kongeørn og fjellvåk om du er heldig.

I dalane kring Jostedalsbreen er hjorten talrik. Her er eit rikt fugleliv i den frodige lauvskogen og kulturlandskapet. Kan hende får du sjå og høyre den sjeldne kvitryggspetten. Jostedalsbreområdet har også potensiale for uoppdaga artar. På 1970-talet vart det funne 2 nye artar av fjørmygg, som ikkje er funne andre stader i verda, i Vivavatnet i Sprongdalen i Jostedalen like utafor nasjonalparken. Funna indikerer at det kan vere unike genetiske verdiar innan lågare fauna knytte til brepåverka vassdrag og i spesielle miljø knytt til breen.

Det er få gode fiskevatn i nasjonalparken, og det høge innhaldet av slam i elvane gjer at tilhøva for fiske stort sett ikkje er gode inne i nasjonalparken.

 

Krundalen med Bergsetbreen i 1959. Foto: John Price.

Krundalen med Bergsetbreen i 1959. Foto: John Price.

Breen - ferdsel og drifteveg, og turistattraksjon

Kulturlandskapet med gardar, stølar, bjørkehagar m.m. vitnar om at menneska har livnært seg «under breen» frå langt tilbake. Jordbruket er levande i bygdene rundt nasjonalparken. Berre på nokre få stølar har stølsdrifta overlevd omlegginga til moderne jordbruksdrift.

Tidlegare var Jostedalsbreen ferdsels- og drifteveg frå vestlege dal- og fjordstrok til indre Sogn og Austlandet. Kyr og hestar vart førde over breen for å seljast på marknad på Austlandet, ei lang og farefull ferd. I dag ville det vere vanskeleg å nytte breen som drifteveg, då breen er mindre og dermed brattare og med fleire sprekker.

Den moderne turismen kom til Jostedalsbreområdet på siste halvdel av 1800-talet då Europa ”oppdaga” fjordlandskapet og breane i Noreg. Turistane kom særleg til Fjærland og Olden med turistskipa. Herifrå det var hesteskyss frå kaien til høvesvis Bøyabreen og Briksdalsbreen. I dag er brearmane frå Jostedalsbreen av dei mest besøkte reisemåla i Noreg, og meir enn 250 000 menneske kjem til Briksdalsbreen kvart år. Andre populære brear hos turistane er m.a. Nigardsbreen, Bøyabreen og Kjenndalsbreen.

Til høgre ser vi patentførar Mikkel Mundal frå Fjærland som dreiv med breføring i Fjærland tidleg på 1900- talet.

 

Allemannsretten - rett til å nytte naturen i utmarka nesten fritt

I Noreg er den ein viktig del av kulturarven som vart lovfesta i Friluftslova frå 1957, og gjeld uansett kven som eig grunnen. Om vi tek omsyn til andre og dei få reglane som gjelder, vil alle kunne ta del i naturopplevingane også i framtida.

 

 Allemannsretten gjer at du i utmark kan:

-          ferdast fritt til fots og på ski

-          ri eller sykle på stiar og vegar

-          raste og overnatte

-          plukke bær, sopp, blomar og ville urter

-          bade, padle, ro og bruke seglbåt

-          fiske fritt etter saltvassfisk

 

På ski mot Supphellenipa. Foto: Gaute Dvergsdal Bøyum.

På ski mot Supphellenipa. Foto: Gaute Dvergsdal Bøyum.

Friluftsliv - enkle fotturar eller krevande breturar

Jostedalsbreområdet har lange tradisjonar som attraktivt turområde, spesielt for brevandring og toppturar. Dei seinare åra har også krevjande turar som vårskiturar «breen på langs» – gjerne med ein avstikkar til den høgaste fjelltoppen, Lodalskåpa, vorte populære. Utan naudsynt kunnskap og breutstyr er ferdsel på bre farleg! Det er mange tilbod om breføring på brearmane kring Jostedalsbreen.

Dei gamle ferdselsvegane mellom dalane kring breen t.d. gjennom Oldeskaret og Supphelleskaret er spennande fotturar. For turistane har Jostedalsbreen, særleg med brearmane i Briksdalen, Fjærland og ved Nigardsbreen, lenge vore eit namngjete reisemål. I Krundalen, Kjenndalen og Austerdalen går det stiar inn mot breen, nokså enkle fotturar med mykje å oppleve. Høgste fjelltoppen, Lodalskåpa (2083 moh), også kalla Vestlandsdronninga, er ein lang heildagstur som krev breutstyr og svært god kondisjon.

Du kan overnatte på campingplassar, pensjonat og turisthotell i dalane utafor nasjonalparken, eller på enkle turlagshytter o.l. som ligg kring breen nokre timars fottur frå bilveg.

Det er merkte stiar inn i dalane mot breen og over nokre fjellpass mellom dalane.