Norsk Bremuseum
6848 Fjærland

Tel: +47 57 69 32 88
Mobil: +47 97 68 02 28
Fax: +47 57 69 32 87

E-mail: post@bre.museum.no

Facebook

120 Fv152
Sogn og Fjordane, 6848

+47 57 69 32 88

Norsk Bremuseum & Ulltveit-Moe senter for klimaviten, eit opplevingsmuseum om brear og klima for heile familien. Norsk Bremuseum ligg i Fjærland  i Sogndal kommune, og er eit offisielt Nasjonalparksenter for Jostedalsbreen.

IMG_3039_a-web.jpg

Sognefjorden

Fjærland ligg i Sogndal like ved Sognefjorden.

Sognefjorden

Fjærland ligg i Sogndal like ved Sognefjorden. På veg mot Sogndal kan du stogge ved georasteplassane på Berge i Fjærland eller Vatnasete i Sogndalsdalen. På Berge finn du interessante opplysingar om geologi og korleis fjorden blei danna. På Vatnasete ligg ein hellelagt sti som symboliserer ein tidsakse. Hellene viser den natur- og kulturhistoriske utviklinga i Sogndalsdalen.

Om vintaren er fjellområda i Fjærland og Sogndalsdalen populære for skiturar av alle slag. I februar arrangerast mellom anna Fjellsportfestivalen i Sogndal.

Frå Fjærland er det kort veg til Sognefjordsområdet, som kunstbygda Balestrand, Urnes Stavkyrkje (UNESCO) og Norsk Villakssenter. Dersom du køyrer gjennom Sogndal sentrum og ut mot Kaupanger, kan du ta turen innom De Heibergske samlinger - Sogn Folkemuseum. Her er hestar, utandørsaktivitetar for dei små og spanande utstillingar inne. Gløym heller ikkje Vesterland, med hytteutleige og leikeland for borna.

Køyrer du nordover gjennom Fjærlandstunnelen, kjem du til kunstnar- og brebygda Jølster, med Eikaasgalleriet og Astruptunet. Les meir om Jølster på sunnfjord.no

Hjå Sogndal Turlag kan du finne flotte fellesturar i nærområdet året rundt. Aktivitetar og opplevingar i Sognefjordsområdet finn du hjå Sognefjord.no.