Norsk Bremuseum
6848 Fjærland

Tel: +47 57 69 32 88
Mobil: +47 97 68 02 28
Fax: +47 57 69 32 87

E-mail: post@bre.museum.no

Facebook

120 Fv152
Sogn og Fjordane, 6848

+47 57 69 32 88

Norsk Bremuseum & Ulltveit-Moe senter for klimaviten, eit opplevingsmuseum om brear og klima for heile familien. Norsk Bremuseum ligg i Fjærland  i Sogndal kommune, og er eit offisielt Nasjonalparksenter for Jostedalsbreen.

Bremus.jpg

Arkitekten - Sverre Fehn

Norsk Bremuseum er teikna av sivilarkitekten M.N.A.L. Sverre Fehn, som har vunne mange internasjonale prisar innan arkitektur.

Arkitekten - Sverre Fehn

Norsk Bremuseum er teikna av sivilarkitekten M.N.A.L. Sverre Fehn, som har vunne mange internasjonale prisar innan arkitektur.

Sverre Fehn blei født i Kongsberg i 1924. Han studerte arkitektur ved Arkitekthøyskolen i Oslo, der han tok eksamen i 1948. Frå 1971 til 1993 var han professor på Arkitekthøyskolen. 

fehn.jpg

Sverre Fehn har hatt mange utstillingar i Noreg og i utlandet, m.a. i Frankrike, Brasil, Finland, Danmark, Sverige, Island, Spania og Italia. Han har også halde foredrag på ulike universitet, t.d. i USA og Storbritannia. I 1997 fekk Sverre Fehn den prestisjetunge Pritzker-prisen for sine arbeider. Bygningane han har teikna var ofte museum eller galleri, men også privathus. 

Nokre døme:

  • Norsk Bremuseum, Fjærland
  • Ivar Aasen-tunet, Ørsta/Volda
  • Aukrustsenteret, Alvdal
  • Norsk Museum for fotografi, Horten
  • Hedmarksmuseet og Domkirkeodden, Hamar
  • Norsk Arkitekturmuseum, Oslo
  • Den Norske Paviljongen på verdsutstillinga 1958 i Brüssel
  • Den Nordiske Paviljongen ved Biennale i Venezia i 1962
  • Villa Schreiner
  • Villa Busk
Bremus-strek.jpg

Sverre Fehn fekk oppdraget med å teikne Bremuseet i 1989, og museet blei opna i 1991. I 2002 blei det bestemt at Bremuseet skulle utvidast med eit tilbygg som skulle huse ei utstilling om klimaendringar. Dette var ei utfordring for Sverre Fehn, som då måtte ta opp att tankane om ei bygning som eigentleg var ferdigkonstruert. Han teikna nybygget rundt den eksisterande kinoen (sjå biletet under), og bygginga tok til hausten 2006. I juli 2007 blei Ulltveit-Moe senter for klimaviten opna. Sverre Fehn døydde 23. februar 2009.

Skisse av Norsk Bremuseum med det særeigne klimautstillingstilbygget på nordsida.