Norsk Bremuseum
6848 Fjærland

Tel: +47 57 69 32 88
Mobil: +47 97 68 02 28
Fax: +47 57 69 32 87

E-mail: post@bre.museum.no

Facebook

120 Fv152
Sogn og Fjordane, 6848

+47 57 69 32 88

Norsk Bremuseum & Ulltveit-Moe senter for klimaviten, eit opplevingsmuseum om brear og klima for heile familien. Norsk Bremuseum ligg i Fjærland  i Sogndal kommune, og er eit offisielt Nasjonalparksenter for Jostedalsbreen.

jungle_set_mb.jpg

Utstillingane

Her ser du ei oversikt av utstillingane vi har i Norsk Bremuseum & Ulltveit-Moe senter for klimaviten. Kartet syner kor du finn dei ulike utstillingane.

Utstillingane

Her ser du ei oversikt av utstillingane vi har i Norsk Bremuseum & Ulltveit-Moe senter for klimaviten. Sidan opninga i 1991 har museet blitt oppdatert og fornya på ulike måtar, og det har blitt investert om lag 70 millionar kroner (per 2016).  Hovudutstillinga vart totalrenovert og oppdatert med ny og frisk design vinteren 2016. Ved sidan av utstillinga er våre hovudattraksjonar panoramafilmen om Jostedalsbreen og opplevingsutstillinga 'Klima i endring'.

1. Skulptur av Bård Breivik med ekte is frå Jostedalsbreen.

2. Panoramafilmen om Jostedalsbreen og korleis ein brefilm blir til. Korleis Ivo Caprino-filmen blei laga. Filmen blir vist kvar heile og halve time og varer i 18 minutt.

3. Klima i endring - frå fortid til framtid. Ei opplevingsutstilling om naturlege og menneskeskapte klimaendringar. Sjå Ulltveit-Moe senter for klimavitenNy i 2007.

4. Kva er ein bre? Breen er snøen som fall i fjor...

5. Kva er global oppvarming? Ei auke i gjennomsnittstemperaturen på jorda, den einaste heimen vi har. Interaktiv videovegg! Ny i 2016.

6. Mammut. Det største landpattedyret som har levd i Noreg. Mammuttanna frå Sibir er 30.000 år gammal.

7. Vêret. Korleis må vêret i eit område vera, for at brear kan eksistere?

8. Kvifor er isen blå? Eit lite stykke is ser kvit ut, men i breen er isen blå.

9. Kraft frå breen. Smeltevatn frå bre kan nyttast til kraftproduksjon. Some kraftverk er bygde under breen.

10. Kor mykje kraft lagar du? Prøv sjølv å lage kraft ved å sykle. Skjermen viser kraftmengda du
lagar.

11. Brevandring. Sjå utstyr, bilete og lær om brevandring og knuter.

12. Bretunga. Gå inn breporten og ta ein sikker tur i ein smeltevasskanal under breen. Høyr korleis breen rører på seg og isen smeltar. Kjenn den kalde vinden.

13. Fjordane blir til. Breane forma ut fjordane i løpet av dei siste 2-3 millionar år. Korleis? Er dei djupare enn Grand Canyon i USA?

14. Breelv lagar nytt land. Breelva sørger for at Fjærland blir større for kvart år. Korleis?

15. Kvifor er fjorden grønn? Om sommaren er vatnet i fjorden ikkje gjennomsiktig, men grå-grøn.

16. Klimaboksen. Kva er klima og istider, kva endrar klima, kva er drivhuseffekten? Sjå óg ein aktuell stuttfilm!

17. Breen – vårt beste klimaarkiv. Forskarar henter ut kilometerlange iskjerner frå innlandsisen på Grønland og Antarktis. Dei kan fortelje oss korleis klimaet har endra seg i fortida.

18. Iseksperiment. Eksperiment med trykksmelting og frysing, og med vatn som renn gjennom is.

19. Iseksperiment. Grav som ein bre! Her kan du sjølv vera breen og vera med på å forme ein dal.

20. Jostedalsbreen Nasjonalpark blei oppretta i 1991. Bremuseet ligg ved grensa til nasjonalparken. Sjå korleis terrenget ser ut under Jostedalsbreen.

21. Bruk av breen og Tunsbergdalsbreen 1959. Kultur og historie knytt til breen. Korleis var det på ekspedisjon på 1950-tallet?

22. Eksperiment. Lag mjuk is, test isskruen i ekte bre-is og sjå ein interaktiv modell som viser kvifor brear sprekk opp.

23. Ötzi – mannen i isen. Utstillinga fortel historia til den 5 300 år gamle ismannen Ötzi som blei funne i ein bre i Alpane i 1991. Les også om funn i norske brear.

24. Kva er spesielt med breelver? Lær om korleis breelver skil seg ut frå vanlege elver.

Frå utstillinga 'Klima i endring'.

Frå utstillinga 'Klima i endring'.

Eksperimenter med ekte is frå breen.

Eksperimenter med ekte is frå breen.

Ismannen Ötzi.

Ismannen Ötzi.

Utforminga av hovudutstillinga slik den framstår i dag vart designa og klargjort i 1995. I 2016 gjennomførte vi ein fornying og oppfrisking der vi oppdaterte heile utstillinga. Sidan 2012 har vi oppgradert museet betrakteleg i form av satsing på skjermbasert informasjon. Vi har mellom anna oversatt heile utstillinga til å dekke 13 språk, mot 3 språk tidlegare (norsk, engelsk og tysk). I 2013 og 2014 fekk vi også installert den Pedagogiske Leikeparken i uteområdet, blant anna med den flotte mammutfamilien. Vårt siste tilskot i utstillinga er den interaktive storskjermen med informasjon om global oppvarming som vart klar til 25-års jubileet i juni 2016.

Les meir her for informasjon om bidragsytarar.