Norsk Bremuseum
6848 Fjærland

Tel: +47 57 69 32 88
Mobil: +47 97 68 02 28
Fax: +47 57 69 32 87

E-mail: post@bre.museum.no

Facebook

120 Fv152
Sogn og Fjordane, 6848

+47 57 69 32 88

Norsk Bremuseum & Ulltveit-Moe senter for klimaviten, eit opplevingsmuseum om brear og klima for heile familien. Norsk Bremuseum ligg i Fjærland  i Sogndal kommune, og er eit offisielt Nasjonalparksenter for Jostedalsbreen.

Visste du at...

Norsk Bremuseum gjev deg svar. Visste du at... Jostedalsbreen er den største breen på det Europeiske fastlandet? Det finst 2534 brear i Noreg? Jostedalsbreen ikkje er ein rest frå siste istid?

70% av alt ferskvatnet på jorda finst som snø og is?

Gasta Design

90% av dette er lagra på Antarktis og 9% på Grønland. Under ein prosent av ferskvatnet finst i innsjøar og vassdrag! På jorda er det 1 400 millionar km3 vatn, men ferskvatnet utgjer berre 2,5% av dette, resten er saltvatn. Noreg er det landet i Europa som har flest brear, og dermed lagrar mest vatn. I verden er Antarktis som lagrar mest vatn i form av is. Om isen som ligg på land smeltar vil det føre til ei auke i havnivået. Til dømes kan ei smelting av isen på Antarktis føre til ca 60 m høgare havnivå, og ein vekksmelta Grønlandsis kan auke havnivået med 7 m.

Bøyabreen 1997. Foto: Finn Loftesnes.

Bøyabreen 1997. Foto: Finn Loftesnes.