Norsk Bremuseum
6848 Fjærland

Tel: +47 57 69 32 88
Mobil: +47 97 68 02 28
Fax: +47 57 69 32 87

E-mail: post@bre.museum.no

Facebook

120 Fv152
Sogn og Fjordane, 6848

+47 57 69 32 88

Norsk Bremuseum & Ulltveit-Moe senter for klimaviten, eit opplevingsmuseum om brear og klima for heile familien. Norsk Bremuseum ligg i Fjærland  i Sogndal kommune, og er eit offisielt Nasjonalparksenter for Jostedalsbreen.

Bilder 2008 573-Gaute.jpg

Bøyaøyri naturreservat

Bøyaøyri i Fjærland blei verna som naturreservat i 1991.

Bøyaøyri naturreservat

Bøyaøyri i Fjærland blei verna som naturreservat i 1991. Reservatet dekkjer totalt ca. 230 dekar. Av dette er om lag 94 dekar landareal.

 

Elvedeltaet

På Bøyaøyri blir ferskvatn frå elva blanda med saltvatn frå fjorden. Slike brakkvassdelta er blant dei biologisk mest høgproduktive områda i Noreg.

Kart som viser kor naturreservatet ligg (Direktoratet for naturforvaltning 2008).

Kart som viser kor naturreservatet ligg (Direktoratet for naturforvaltning 2008).

Elvedelta er ein sterkt truga naturtype. I Noreg utgjer dei små, men svært viktige areal. Dei er m.a. raste- og næringsområde for trekkfugl, og kan huse mange særeigne plantesamfunn. Deltaområde er svært utsette for inngrep og endringar, då dei ofte ligg i tilknyting til tettstader og er lette å ta i bruk til ulike byggje- og næringsføremål. I mange fjordarmar på Vestlandet har elvedelta blitt utbygde eller dyrka opp, og verdien som naturområde og som leveområde for dyr og plantar har meir og mindre gått tapt.

Flyfoto som viser delta si utbreiing og form. Grensa for naturreservatet er merka med raud, stipla linje (Foto: Fotonor)

Flyfoto som viser delta si utbreiing og form. Grensa for naturreservatet er merka med raud, stipla linje (Foto: Fotonor)

På Bøyaøyri er mange av dei opphavlege formene, gamle elveløp og kilar, framleis intakt. Men etter at sjølve elva blei forbygd, og vatnet med det blir leidd unna den gamle deltaflata, er deltaet ikkje aktivt lenger. Elva legg i dag opp avsetningar lenger ute, noko som i framtida vil danne grunnlag for nye deltaformer.

Vernereglar

Av reglane som gjeld for naturreservatet bør ein merkje seg følgjande:

All vegetasjon i vatn og på land er freda mot alle former for skade og øydelegging. Nye planteartar må ikkje innførast.

Alt vilt (også sjøpattedyr), hi, reir og egg er freda mot alle former for skade, øydelegging og uturvande uroing. Jakt, fangst og bruk av skytevåpen er forbode. Hundar skal haldast i band. Utsetjing av vilt er ulovleg.

Tiltak som endrar dei naturgjevne tilhøva er forbode. Det gjeld t.d. oppføring av bygningar og faste innretningar, opplag av båtar, lagring av campingvogner, framføring av nye leidningar, vegbygging, tørrlegging, uttak, oppfylling, planering og lagring av masse, eller ureining, tøming av boss eller bruk av kjemiske middel.

Camping, telting og oppsetjing av kamuflasjeinnretningar for fotografering er forbode.

Motorisert ferdsel på vatn og land, og lågtflyging under 300 m er forbode. Dette gjeld også bruk av modellbåtar og modellfly. Bruk av seglbrett er forbode.

All ferdsel i reservatet er forbode i tida f.o.m. 1. april t.o.m. 1. august.

Tjeld.

Tjeld.

Fuglelivet

Til saman er det registrert 100 fugleartar på Bøyaøyri. Av desse er 40 - 50 heilt eller delvis avhengige av våtmark i ei eller anna form for å finne næring. Døme på slike artar er: Gråhegre, andefugl som stokkand, krikkand og brunnakke, og vadarar som tjeld, fjøreplytt, myrsnipe og brushane. Andre artar, som stare, linerle, gråtrost, raudvengetrost og heipiplerke, vert tiltrekte av våtmarksområdet (næringssøk), men hekkar i kringliggjande område.

Bøyaøyri er særleg viktig for ande- og vadefuglar, først og fremst som rasteplass under vår og hausttrekket og som overvintringsområde. Av andefuglane kan særleg stokkand, krikkand og brunnakke vere talrike i trekktida vår og haust. I tillegg blir artar som bergand, svartand, laksand, toppand, kvinand og den sjeldne taffelanda observerte. Stokkand, krikkand og siland er påvist hekkande i naturreservatet.

Av vadefuglane er tjeld, vipe og raudstilk dei mest talrike artane i trekktida, saman med artar som storspove, grønstilk, heilo og enkeltbekkasin. Mange av vadarane oppheld seg på Bøyaøyri berre i korte periodar på vår- og hausttrekk (rasteplass), men artar som tjeld, vipe, raudstilk, strandsnipe og enkeltbekkasin er òg påvist hekkande.

Her finn du ei liste med alle registrerte fuglar på Bøyaøyri.