Norsk Bremuseum
6848 Fjærland

Tel: +47 57 69 32 88
Mobil: +47 97 68 02 28
Fax: +47 57 69 32 87

E-mail: post@bre.museum.no

Facebook

120 Fv152
Sogn og Fjordane, 6848

+47 57 69 32 88

Norsk Bremuseum & Ulltveit-Moe senter for klimaviten, eit opplevingsmuseum om brear og klima for heile familien. Norsk Bremuseum ligg i Fjærland  i Sogndal kommune, og er eit offisielt Nasjonalparksenter for Jostedalsbreen.

1-Storslått natur-Austerdalsbreen-2011-PGK.JPG

Brevandring Jostedalsbreen

På fleire av brearmane til Jostedalsbreen blir det i sommarhalvåret dagleg arrangert brevandring med røynde breførarar. Norsk Bremuseum kan hjelpe deg med å finne den perfekte breturen.

Brevandring Jostedalsbreen

På fleire av brearmane til Jostedalsbreen blir det i sommarhalvåret dagleg arrangert brevandring med røynde breførarar. Norsk Bremuseum kan hjelpe deg med å finne den perfekte breturen. I Fjærland kan du gå tur på Flatbreen; ein krevjande, men flott tur der oppstigninga til Flatbrehytta er på nesten tusen høgdemeter. Brekick tilbyr guida fjellturar og brevandring på førespurnad. Snillare breturar finst til dømes på Haugabreen i Jølster eller Nigardsbreen i Jostedalen. Lokale og lommekjente Mountaingoat Guiding tilbyr guiding på fjell og bre. Ei oversikt over turane og dei ulike breførarlaga finn du ved å klikke på 'Breturkart'. Denne brosjyren blir oppdatert kvart år.

Du kan også kontakte turistinformasjonen i dei ulike områda rundt Jostedalsbreen, Norsk Bremuseum (Fjærland), Breheimsenteret (Jostedalen) eller Jostedalsbreen Nasjonalparksenter (Stryn).