Norsk Bremuseum
6848 Fjærland

Tel: +47 57 69 32 88
Mobil: +47 97 68 02 28
Fax: +47 57 69 32 87

E-mail: post@bre.museum.no

Facebook

Fjærlandsfjorden 13
Fjærland
Sogn og Fjordane

+47 57 69 32 88

Norsk Bremuseum & Ulltveit-Moe senter for klimaviten, eit opplevingsmuseum om brear og klima for heile familien. Norsk Bremuseum ligg i Fjærland  i Sogndal kommune, og er eit offisielt Nasjonalparksenter for Jostedalsbreen.

IMG_8818,0-red.jpg

Det mobile bremuseet

I perioden 2004-2009 reiste ein representant frå Norsk Bremuseum rundt på skular med Det mobile Bremuseet, ein koffert full av små eksperiment om bre og is.

Det mobile Bremuseet

I perioden 2004-2009 reiste ein representant frå Norsk Bremuseum rundt på skular med Det mobile Bremuseet, ein koffert full av små eksperiment om bre og is. Opplegget var ein del av Den kulturelle skulesekken i regi av Sogn & Fjordane Fylkeskommune, og vart svært godt motteke av elevar og lærarar. Gjennom ein dobbeltime fekk elevane lage skuringsstriper, sjå korleis bresprekker blir til og oppleve luftbobler i tusen år gamal bre-is.

Vi har no lagt til rette eksperimenta slik at alle kan gjennomføre dei heime eller i ein skuletime. Opplegget passar for born i grunnskulen, og er opprinneleg laga for 5.klasse. Start gjerne timen med å vise ein kort filmsnutt relatert til brear. Vi har brukt eit utdrag frå filmen ”Istid” for å vekkje interesse for temaet.

Deretter kan ein dele inn klassen i seks grupper, som rullerer mellom dei seks postane (eksperimenta). OBS: På post 6 treng ein ekte bre-is!

 

Post 1: Trykksmelting av is
Post 2: U- og V-dalar
Post 3: Skure-is
Post 4: Sylinder med sand og vatn
Post 5: Bresprekkar
Post 6: Drypp-is

 

Aktuelle kompetansemål (2013):

Geografi etter 4-årssteget:
- beskrive landskapsformer og bruke geografiske nemningar i utforsking av landskapet nær skole og heim
- fortelje om viktige landskap og landskapsformer i Noreg og nokre andre land

Geografi etter 7.årssteget:
- registrere og tolke spor etter istida på heimstaden og forklare kva istida hadde å seie for danning av landskap og heile landet

Geografi etter 10.årssteget:
- gjere greie for indre og ytre krefter på jorda, rørsler i luftmassane, krinsløpet til vatnet, vêr, klima og vegetasjon og drøfte samanhengar mellom natur og samfunn
- utforske, beskrive og forklare natur- og kulturlandskapet i lokalsamfunnet

Naturfag etter 2.årssteget:
- beskrive, illustrere og samtale om eigne observasjonar frå forsøk og frå naturen
- gjere forsøk med vatn og lys og samtale om observasjonane

Naturfag etter 7.årssteget:
- beskrive korleis nokre mineral og bergartar har vorte til, og undersøkje nokre typar som finst i nærområdet
- beskrive sentrale eigenskapar ved gassar, væsker, faste stoff og faseovergangar ved hjelp av partikkelmodellen
- forklare korleis stoff er oppbygde, og korleis stoff kan omformast, ved å bruke omgrepa atom og molekyl

Naturfag etter 10.årssteget:
- undersøkje eigenskapar til nokre stoff i kvardagen
- beskrive sentrale eigenskapar ved gassar, væsker, faste stoff og faseovergangar ved hjelp av partikkelmodellen- forklare korleis stoff er oppbygde, og korleis stoff kan omformast, ved å bruke omgrepa atom og molekyl