Norsk Bremuseum
6848 Fjærland

Tel: +47 57 69 32 88
Mobil: +47 97 68 02 28
Fax: +47 57 69 32 87

E-mail: post@bre.museum.no

Facebook

Fjærlandsfjorden 13
Fjærland
Sogn og Fjordane

+47 57 69 32 88

Norsk Bremuseum & Ulltveit-Moe senter for klimaviten, eit opplevingsmuseum om brear og klima for heile familien. Norsk Bremuseum ligg i Fjærland  i Sogndal kommune, og er eit offisielt Nasjonalparksenter for Jostedalsbreen.

IMG_3321_a-for-web.jpg

Guida fjelltur

Fjærland byr på eit mylder av mogleheiter for deg som vil på guida fjelltur.

Guida fjelltur

Fjærland byr på eit mylder av moglegheiter for deg som vil på guida fjelltur. Kan det hende at du er fjellvand, men ynskjer nokon med lokalkunnskap til å bli med på turen? Eller er du lite turvand og ynskjer ein guide som fører deg trygt både opp og ned bratte lier, eller inn og ut av frodige dalar? Vi kan formidle kontakt til den rette turleiaren for deg!

Norsk Bremuseum har eit eige nettverk av lokalkjende og røynde fjellførarar. Spør oss eller kontakt nokre av dei lokale føretaka i Fjærland som tilbyr fjellføring. Det er også mogleg med tur- og overnattingspakkar i Fjærland.


Rødseter INN

Bre, fjell og fjord i Fjærland.

Bre, fjell og fjord i Fjærland.

Rødseter Inn er eit overnattings- og gardsturismekonsept i Supphelledalen i Fjærland. Dei held til på garden Rødseter, kor dei har vertshuset Rødseter Inn med flotte nyrenoverte rom i historiske gardsbygg, smakfulle lokale matrettar, lokalt produserte og stuttreiste produkt og eksepsjonelle turmoglegheiter rett utanfor tunet. Dei både driftar og fører arven til ærverdige Flatbrehytta vidare.


Fjærland Guiding

Brefallmagi ved Supphellebreen.

Brefallmagi ved Supphellebreen.

Fjærland Guiding byr på skreddarsydde turar og opplegg på førespurnad. Smilande guider gjev deg eventyrlege opplevingar fullpakka med gode historiar og lokal kunnskap. Her kan du få opplevingar i spekteret frå fjøra til fjelltoppar!

I løpet av sommaren tilbyr Fjærland Guiding opne breturar på brear i nærleiken til Fjærland. Informasjon vil koma fortløpande hjå Fjærland Turistinformasjon, hotel og campingplassar i nærområdet. For heilt eigne eventyr på breen, sjekk Fjærland Guiding.

Velkomen til ditt neste eventyr!