Norsk Bremuseum
6848 Fjærland

Tel: +47 57 69 32 88
Mobil: +47 97 68 02 28
Fax: +47 57 69 32 87

E-mail: post@bre.museum.no

Facebook

Fjærlandsfjorden 13
Fjærland
Sogn og Fjordane

+47 57 69 32 88

Norsk Bremuseum & Ulltveit-Moe senter for klimaviten, eit opplevingsmuseum om brear og klima for heile familien. Norsk Bremuseum ligg i Fjærland  i Sogndal kommune, og er eit offisielt Nasjonalparksenter for Jostedalsbreen.

Kva skjer?

Kva skjer? Her finn du nyhende og kva som er aktuelt ved Norsk Bremuseum.

Rapport frå bremålingane i 2017

Pål Gran Kielland

Vetle Supphellebreen går mot trenden og rykkar fram i 2017, medan Haugabreen trekk seg attende.

Ved fronten av Vetle Supphellebreen i byrjinga av november 2017. Foto: Pål Gran Kielland.

Ved fronten av Vetle Supphellebreen i byrjinga av november 2017. Foto: Pål Gran Kielland.

For oss breinteresserte er det alltid gode nyhende når ein bre veks og rykkar fram. Vetle Supphellebreen rykka fram for tredje året på rad, med snaue 2 meter i 2017. Vi byrja med frontposisjonsmålingar av breen i 2011 og breen viste attendetrekking dei fyrste åra. I måleperioden har breen totalt sett gått 4 meter fram, eller med andre ord heldt seg stabil. Eit overskot av snø i måleperioden kan forklare utviklinga til Vetle Supphellebreen. Ser vi på Meteorologisk Institutts vær- og klimadata så har målestasjonen som står ved Norsk Bremuseum totalt sett registrert nedbørsmengder over normalen i perioden 2011-2017. Store snømengder kan vera ein del av forklaringa på breen sitt framrykk dei seinare åra. Saman med faktorar som temperatur, breiddegrad, høgde over havet, terrenget (brattheit og solinnstråling) og nærleiken til havet (maritimitet) er nedbør ein del av eit komplisert samspel som fører til danning og endring av brear. Det er særleg forholdet mellom  vinternedbør og sommartemperatur som styrer breens balanse frå år til år.

Haugabreen etter ferskt snøfall i november 2017. Foto: Pål Gran Kielland.

Haugabreen etter ferskt snøfall i november 2017. Foto: Pål Gran Kielland.

Haugabreen sette personleg negativ rekord då den gjekk 18 meter attende i 2017. Sidan vi starta målingar på denne breen så har den minka med totalt 53 meter. Det er også her ein auke i nedbør når vi ser på vêrdata frå nærliggande målestasjonar, men nedbøren har tydelegvis ikkje vore nok til å bremse smeltinga. I tillegg må ein hugse på at breen sin reaksjonstid på endringar i  klima er forseinka. Sidan brear i all hovudsak er styrt av vinternedbør og sommartemperatur, vil endringar av desse klimaparameterane bli gjenspegla av breen. Mykje snø og/eller låg temperatur fører til av breane veks, medan lite snø og/eller høge temperaturar gjer at breane smeltar.

Frontendringane viser korleis lengda på breen endrar seg frå år til år, og er eit bilete på korleis brevolumet endrar seg over tid. Endringane ein kan sjå på ein brefront er ein forseinka reaksjon på endringar i massebalanse. Reaksjonstida til breane avheng mellom anna av lengd, brattleik og friksjonen mot underlaget. Kring Jostedalsbreen varierar reaksjonstida til utløparane stort sett mellom 3 og 30 år.

Elles sjå NVE sine heimesider for meir informasjon om breane våre.

Retting av feil i Årsmeldinga for 2016

Pål Gran Kielland

Det har diverre sneke seg inn ein liten feil i Årsmeldinga for 2016. Årsmeldinga vert sendt til alle livsvarige medlemer av Norsk Bremuseum & Ulltveit-Moe senter for klimaviten, samt ymse samarabeidspartnarar.

Feilen som no er retta opp var at styreleiar Atle Nesje stod oppført som styremedlem. Dette beklagar vi på det sterkaste, og legg difor ut ein PDF av Årsmeldinga for 2016 her på heimesida vår.

Elles kan vi informere om at vi til no har hatt ein god sesong med auke i besøkstalet.

Bokbymammut i Fjærland

Pål Gran Kielland

Helga 26.-27.august er det mammutsal i Bokbyen. Her er mange nyinnkomne bøker, og det er halv pris på dei aller fleste bøkene denne helga. Ta gjerne med barna - to fine barneavdelingar! 

Foto: Gaute D. Bøyum.

Foto: Gaute D. Bøyum.

Nyt utsikta frå det nye torget i Mundal, midt i Bokbyen.  Kombinér med tur til Norsk Bremuseum, Bøyabreen eller tur til ein av dei 12 trimpostane i Fjærland. Bok-kafeen og hotell-kafeane er opne.

Butikkane er opne kl 10-16 (Straumsvågs antikvariat 10-18)
 
Kontakt gjerne Bokbyen på tlf. 57 69 22 10 eller post@bokbyen.no
Følg Bokbyen på facebook.com/bokbyen.
 
 
Velkomen til ei triveleg helg i Fjærland!

Ladestasjon for elbil

Pål Gran Kielland

Norsk Bremuseum & Ulltveit-Moe senter for klimaviten har nyleg fått etablert ladestasjon for elbil på parkeringsplassen.

Ladestasjonen vart sett opp og driftast av Grønn Kontakt, og støttar alle nyare elbilar. Her er det 2 hurtigladarar (50kW DC) og 2 stk flexiladarar(22kW AC). Hurtigladarane gjer det mogleg å fylle opp batteriet på ein elbil mykje raskare enn med ein vanleg stikkontakt. På 15-30 minutt har du lada batteriet ditt og kan køyre elektrisk vidare. For full oversikt over Grønn Kontakts ladenettverk, kan du laste ned Grønn Kontakt sin ladeapp eller sjå www.gronnkontakt.no. 

- Grønn Kontakt arbeidar for å gjera det så enkelt som mogleg å køyre elbil, og vi er særs glade for å kunne tilby lading hjå Norsk Bremuseum & Ulltveit-Moe senter for klimaviten. Ladestasjonen supplerar vår allereie tilstedeværing på Vestlandet og vi kjem til å bygge enno fleire ladestasjonar i området i tida som kjem, seier Ole Henrik Hannisdahl, Dagleg Leiar i Grønn Kontakt. 

Noregs finaste plass for lading av elbil? (Foto: Pål Gran Kielland)

Noregs finaste plass for lading av elbil? (Foto: Pål Gran Kielland)

Direktør hjå Bremuseet, John Brekke, uttalar fylgjande om ladestasjonen: - Å kunne tilby ein ladestasjon til våre gjester, bygdafolket og andre som køyrer gjennom Fjærland passar jo ypparleg med vår profil som bremuseum og klimasenter. Vi takkar for at Grøn Kontakt kom til oss og viste interesse for etableringa av ladestasjon, og samarbeidet har gått utruleg fint! Vi formidlar kunnskap om bre og klima til mange menneske kvart år, og i fjor fekk vi besøk av 72 000 gjester frå ulike land verda rundt. Det er viktig for oss å kunne vise gjestane våre moglegheitene som ligg i det å køyre elektrisk, særleg med tanke på ein grøn og berekraftig framtid som gjer at vi kan ta betre vare på miljøet og klimaet enn det vi gjer i dag. Jorda er tross alt den einaste heimen vi har...