Norsk Bremuseum
6848 Fjærland

Tel: +47 57 69 32 88
Mobil: +47 97 68 02 28
Fax: +47 57 69 32 87

E-mail: post@bre.museum.no

Facebook

Fjærlandsfjorden 13
Fjærland
Sogn og Fjordane

+47 57 69 32 88

Norsk Bremuseum & Ulltveit-Moe senter for klimaviten, eit opplevingsmuseum om brear og klima for heile familien. Norsk Bremuseum ligg i Fjærland  i Sogndal kommune, og er eit offisielt Nasjonalparksenter for Jostedalsbreen.

Synlege bevis på bresmeltinga

Kva skjer?

Kva skjer? Her finn du nyhende og kva som er aktuelt ved Norsk Bremuseum.

Synlege bevis på bresmeltinga

Pål Gran Kielland

Norsk Bremuseum & Ulltveit-Moe senter for klimaviten har sidan oppstarten i 1991 naturleg nok vore oppteken av breane og kva som skjer med dei. Trenden er at dei smeltar, men i år har ein bre faktisk rykka fram.

Bøyabreen 2016. Foto: Pål Gran Kielland.

Bøyabreen 2016. Foto: Pål Gran Kielland.

Vi utførar mellom anna frontposisjonsmålingar på nokre brear, men det er ikkje alltid at talfesting av endringane gjev meining for alle og einkvan. No som smeltinga av breane gjer nokre av målingane vanskeleg å utføre, så er heldigvis fotografering eit godt verkty for å fylgje med på utviklinga. Vi held særleg auge med Bøyabreen og Store Supphellebreen i Fjærland, som vi heilt fram til i 2014 utførte målingar på. Allereie i 2014 vart det rapportert om eit «svart hol» i bretunga til Bøyabreen. Dette holet er også  i år godt synleg og det er eit tydeleg teikn på at breen vert tunnare.

Bøyabreen 1997 (foto: Stefan Winkler) og 2016 (foto: Pål Gran Kielland).

Bøyabreen 1997 (foto: Stefan Winkler) og 2016 (foto: Pål Gran Kielland).

Ved å samanlikne foto av Bøyabreen i 1997, da den var på det største i moderne tid, og med dagens tilstand så ser vi at den regenererte breen i dalbotnen no er nesten heilt smelta vekk. Stadig meir fast fjell kjem til syne. Endringane er store sidan slutten av 90-talet. Då vi målte breen frå 2003 til 2014 såg vi at breen gjekk 160 meter attende totalt.

Store Supphellebreen 1997 (foto: Stefan Winkler) og 2016 (foto: Pål Gran Kielland).

Store Supphellebreen 1997 (foto: Stefan Winkler) og 2016 (foto: Pål Gran Kielland).

Ser vi på Store Supphellebreen er det også tydeleg at den regenererte delen av breen minkar. Vi målte breen frå 1992 til 2014 og registrerte då ein attendesmelting på om lag 70 meter totalt.

Steinblokk i 1899 (foto: John Bernhard Rekstad) og 2016 (foto: Pål Gran Kielland).

Steinblokk i 1899 (foto: John Bernhard Rekstad) og 2016 (foto: Pål Gran Kielland).

Heilt nyleg gjorde vi faktisk eit funn av ein stor steinblokk som vart brukt som fastmerke da frontposisjonsmålingar starta opp i 1899. Det var statsgeologen John Bernhard Rekstad (1852-1934) som oppretta dette merket for å måle avstanden til breen. Den gongen målte han 77 meter til brekanten. I dag finn vi steinblokka litt over 400 meter frå breen, noko som betyr ein attendesmelting på over 300 meter sidan 1899. I biletet frå 1899 står Rekstad sjølv ved sidan av blokka medan det er driftssjef ved Norsk Bremuseum, Svein Arne Bøyum, som er avbilda på det nye biletet.

Store Supphellebreen (Flatbreen) i 1906 (foto: Monchton) og 2012 (foto: Pål Gran Kielland).

Store Supphellebreen (Flatbreen) i 1906 (foto: Monchton) og 2012 (foto: Pål Gran Kielland).

Høgare oppe i fjellet ser vi også endringar. For drygt 100 år sidan låg Store Supphellebreen, populært kalla Flatbreen, og stanga og brøyta opp den store endemorenen like ved Flatbrehytta. No i ettertid har utviklinga gått den gale vegen med at breen trekk seg attende. For å seie det enkelt så går lufta rett og slett ut av ballongen.

Frontposisjonsmålingane
I år har vi målt endringar i frontposisjonen til Haugabreen i Jølster og Vetle Supphellebreen i Fjærland. Målingane viser at Haugabreen har smelta 15 meter attende i 2016. Sidan vi starta å måle breen i 2013 så har den trekt seg attende 35 meter totalt.

Haugabreen 2016 (foto: Pål Gran Kielland).

Haugabreen 2016 (foto: Pål Gran Kielland).

Vetle Supphellebreen har derimot rykka 16 meter fram det siste året. Trenden i dag er at breane smeltar attende på grunn av at klimaet blir varmare. Pålagringa av snø er vanlegvis veldig stor kvar vinter, men tydelegvis ikkje stor nok til å forhindre at breane smeltar attende over tid. Framrykket til Vetle Supphellebreen på 16 meter i år er difor interessant. Vi har ikkje andre målingar av breen enn desse frontposisjonsmålingane og vise til, men ser vi på Meteorologisk Institutts vær- og klimadata så har målestasjonen som står ved Norsk Bremuseum totalt sett registrert nedbørsmengder over normalen i perioden 2011-2015. Store snømengder kan vera ein del av forklaringa på breen sitt framrykk det siste året. Saman med faktorar som temperatur, breiddegrad, høgde over havet, terrenget (brattheit og solinnstråling) og nærleiken til havet (maritimitet) er nedbør ein del av eit komplisert samspel som fører til danning og endring av brear. Sidan 2011 då vi starta med målingar av breen, så har den totalt sett gått 2 meter fram.

Ved fronten til Vetle Supphellebreen 2016 (foto: Pål Gran Kielland).

Ved fronten til Vetle Supphellebreen 2016 (foto: Pål Gran Kielland).