Norsk Bremuseum
6848 Fjærland

Tel: +47 57 69 32 88
Mobil: +47 97 68 02 28
Fax: +47 57 69 32 87

E-mail: post@bre.museum.no

Facebook

Fjærlandsfjorden 13
Fjærland
Sogn og Fjordane

+47 57 69 32 88

Norsk Bremuseum & Ulltveit-Moe senter for klimaviten, eit opplevingsmuseum om brear og klima for heile familien. Norsk Bremuseum ligg i Fjærland  i Sogndal kommune, og er eit offisielt Nasjonalparksenter for Jostedalsbreen.

IMG_8540_a-web.jpg

Miljøfyrtårn

Miljøfyrtårn

Miljfyrtarn-norsk-farger.png

Sommaren 2019 vart Norsk Bremuseum & Ulltveit-Moe senter for klimaviten sertifisert som eit Miljøfyrtårn. Målsettinga var å bevisstgjera oss sjølv for å bidra til ei grønare og meir berekraftig framtid.

For å bli sertifisert gjekk vi gjennom ein prosess der vi måtte tilfredsstille ein rekke krav innan arbeidsmiljø, innkjøp, transport, energibruk, avfall, estetikk og andre miljøaspekter.

Miljøfyrtårnsertifiseringa vart gjennomført med støtte og hjelp frå ulike aktørar. Visit Sognefjord har vore ein viktig pådrivar for merking som berekraftig reisemål, og har oppmoda alle medlemmene til å vurdere miljøsertifisering. I tillegg har Sogn og Fjordane Fylkeskommune ein tilskotsordning for miljøsertifisering gjennom Innovasjon Noreg.

Mykje av arbeidet med sjølve sertifiseringa vart gjort i samarbeid med miljøfyrtårnkonsulent Bodil Lande i GreenCo. Samarbeidet med GreenCo har verkeleg auka kunnskapen vår om korleis å drive berekraftig som reiselivsverksemd.

Dei tilsette ved museet har alle bidrege godt for å gjera sertifiseringa mogleg - heilt frå den administrative leiinga på toppen og til dei sommartilsette i museet. Fokuset har særleg vore på sparing av vatn og straum, riktig avfallshandtering, HMS-arbeid og det å skape og utvikle ein bevisstgjering om berekraft blant dei tilsette, men også blant våre leverandørar.

Vi takkar for all hjelp og samarbeid i denne prosessen, og kan no vera stolte over å kalle oss for eit Miljøfyrtårn. Sertifiseringa gjeld i fyrste omgang i tre år; 2019-2022.

Sertifiseringsbevis Miljøfyrtårn.

Lenker til våre samarbeidspartnarar i sertifiseringsprosessen:

Miljøfyrtårn

Visit Sognefjord

Innovasjon Noreg

GreenCo