Norsk Bremuseum
6848 Fjærland

Tel: +47 57 69 32 88
Mobil: +47 97 68 02 28
Fax: +47 57 69 32 87

E-mail: post@bre.museum.no

Facebook

Fjærlandsfjorden 13
Fjærland
Sogn og Fjordane

+47 57 69 32 88

Norsk Bremuseum & Ulltveit-Moe senter for klimaviten, eit opplevingsmuseum om brear og klima for heile familien. Norsk Bremuseum ligg i Fjærland  i Sogndal kommune, og er eit offisielt Nasjonalparksenter for Jostedalsbreen.

Nytt

Kva skjer? Her finn du siste nytt om aktuelle ting ved Norsk Bremuseum, om brear og klima, eller om lokale saker innan reiseliv og guiding.

Ledig stilling som direktør ved Norsk Bremuseum og Ulltveit-Moe senter for klimaviten

Pål Gran Kielland

Ved Norsk Bremuseum & Ulltveit-Moe senter for klimaviten i Fjærland er det ledig stilling som direktør med tilsetjing 15. mars 2020.

Norsk Bremuseum & Ulltveit-Moe senter for klimaviten er ei privat stifting oppretta av Den Norske Turistforening, International Glaciological Society, Norges vassdrags- og energidirektorat, Norsk Polarinstitutt, Høgskulen i Sogn og Fjordane, Universitetet i Bergen og Universitetet i Oslo. Stiftinga si verksemd omfattar naturvitskaplege og kulturhistoriske fagfelt. Norsk Bremuseum & Ulltveit-Moe senter for klimaviten skal samle, skape og spreie kunnskap om brear og klima. Museet syner samspelet i naturen og mellom natur og menneske gjennom avansert filmteknikk, interaktive modellar og eksperiment med ekte bre-is og har sidan opninga i 1991 markert seg nasjonalt og internasjonalt som nyskapande innan kunnskapsformidling.

Norsk Bremuseum er eit offentleg godkjent nasjonalparksenter, med særskilt informasjon om Jostedalsbreen nasjonalpark.

Bremuseet ligg i Fjærland, Sogndal kommune. Bremuseet hadde i 2018 vel 82.000 besøkande. Desse er hovudsakleg individuelt reisande, bussturister og skuleklassar. I 2018 utgjorde nordmenn 11 prosent og grupper 67 prosent av dei besøkande. Bremuseet arbeider kontinuerleg med synleggjering i marknaden, både med deltaking på reiselivsmesser, på museet sine heimesider og i sosiale media. I tillegg har museet godt marknadsførings-samarbeid med Visit Sognefjord og Fjord Norge.

Norsk Bremuseum & Ulltveit-Moe senter for klimaviten har fire heilårstilsette, til saman 3,25 årsverk. I sommarsesongen er det i tillegg om lag 10 deltidstilsette. I 2018 var det til saman 6 årsverk ved museet. Bremuseet har ei eiga fulltidsstilling som fagansvarleg og museet har nær kontakt med fagfolk i inn- og utland.

I tillegg til dagleg leiing og økonomiforvalting skal direktøren særleg arbeide med utovervende oppgåver, marknadsføring, samt informasjon til besøkande, reiselivsverksemder og ulike interessegrupper. Vidareutvikling av museet vil vere ein vesentleg del av direktøren sine arbeidsoppgåver. Bremuseet har solid økonomi.

Frå vinteren 2021/22 skal Hurtigruten byrje med anløp i Fjærland gjennom vintersesongen. Stoppet i Fjærland skal vare ein heil dag og passasjerane skal mellom anna besøke Bremuseet. Dette vil føre til utvida drift ved museet.

Den som vert tilsett bør ha utdanning og røynsle innan administrasjon, leiing, økonomi og reiseliv. Søkjarar med høgare utdanning frå høgskule og/eller universitet, med gode språkkunnskapar både skriftleg og munnleg, er pliktoppfyllande, serviceinnstilt, kontaktskapande og har gode leiareigenskapar vert føretrekte. Det vert dessutan sett på som ein fordel at den som vert tilsett har lokal tilknyting og fast bustad i nærområdet til Bremuseet.

Løn etter avtale.

Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved styreleiar Atle Nesje, tlf. 91392574, nestleiar i styret Siri Hatlen, tlf. 91744863 og direktør John Brekke, tlf. 97680228.

Søknaden skal sendast elektronisk (e-post) til styreleiar Atle Nesje (atle.nesje@uib.no) med kopi til nestleiar i styret Siri Hatlen (siri.hatlen@gmail.com) og direktør John Brekke (john@bre.museum.no) innan 20. oktober 2019.

Breturkartet for 2019-sesongen er klart

Pål Gran Kielland

Sidan 1992 har “Breturkartet” fungert som ein dugnad for å formidle føringsmoglegheiter på fleire av Jostedalsbreens armar, og på andre brear i Nasjonalparken. Dette er ei brosjyre med informasjon om faste føringsturar, om ulike breførarlag, om trygg ferdsel på bre, om Jostedalsbreen Nasjonalpark, verneverdiar og besøkssenter, og kor du finn turistinformasjon i området kring den største breen på det Euorpeiske fastlandet.

Det er mange storslegne moglegheitar for breføring i Jostedalsbreen Nasjonalpark. Foto: Norsk Bremuseum.

Norsk Bremuseum tok i 1992 initativ til eit prøveprosjekt i felles presentasjon av tilboda om breføring kring Jostedalsbreen. Den gongen var prøveprosjektet eit samarbeid mellom Den Norske Turistforening/Bregruppa, Fjærland idrettslag, Indre Sunnfjord Turlag, Jostedalen Breførarlag, Norsk Bremuseum, Sogn og Fjordane turlag/Fjellsportgruppa, Stryn Fjell- og breførarlag, Anders Øygard/Flatbrehytta, Sogn og Fjordane reiselivsråd og forvaltinga av Jostedalsbreen Nasjonalpark. Norsk Bremuseum har heile tida vore ansvarleg utgjevar av Breturkartet. Ellen Jepson har stått for grafisk design i alle desse åra.

Utsnitt frå Breturkartet i 1992.

Utsnitt frå Breturkartet i 1992.

I dag er fleire av dei same aktørane med i samarbeidet, men mange andre har også blitt med. Dei tre besøkssentra til Jostedalsbreen Nasjonalpark; Norsk Bremuseum i Fjærland, Breheimsenteret i Jostedalen og Jostedalsbreen Nasjonalparksenter i Oppstryn. Destinasjonsselskapa Visit Sognefjord, Visit Nordfjord og Sunnfjord Utvikling er også med. Av breførarlag har vi Bre og Fjell, Briksdal Adventure, Fjord Active, Fjærland Guiding, Ice Troll, Jostedalen Breførarlag, Norgesguidene og Sogn og Fjordane Turlag. Forvaltinga av Jostedalsbreen Nasjonalpark er den bidragsytaren som gjev mest i økonomisk stønad.

Det har vore og er framleis eit godt samarbeid og interesse for å halde fram med utgjevingane av denne brosjyren, som i desse dagar skal delast ut i kjerneområdet kring Jostedalsbreen. Vi vonar at det vert ein god sesong for trygge breturar i 2019, og vi takkar alle som har vore med på denne dugnaden i snart 30 år.

Breane minkar i 2018

Pål Gran Kielland

Norsk Bremuseum & Ulltveit-Moe senter for klimaviten målar frontposisjonen på to brear i Jostedalsbreen Nasjonalpark. Målingane viser at dei trekk seg attende i 2018.

Fronten av Vetle Supphellebreen 11. oktober 2018.

Fronten av Vetle Supphellebreen 11. oktober 2018.

Frontposisjonsmålingar

Etter å ha rykka fram dei siste tre åra skulle Vetle Supphellebreen trekke seg attende i 2018. Resultatet vart -6 meter. Heilt sidan Norsk Bremuseum tok opp att målingane i 2011, så har breen heldt seg relativt stabil når det gjeld frontposisjonen. Breen vart også overvaka i perioden 1899-1944 og trakk seg då nesten 450 meter attende.

Haugabreen i byrjinga av oktober 2018.

Haugabreen i byrjinga av oktober 2018.

Den andre breen som får målt frontposisjonen er Haugabreen i Jølster. Den minka med 16 meter i 2018, og har totalt trekt seg 69 meter attende sidan vi starta å måle breen i 2013. I dei seinare åra har stadig meir vatn kome til syne kring fronten av breen. På sikt kan det bli vanskar med å koma seg tørrskodd opp på breen for dei som skal på brevandring.

Bøyabreen 1. oktober 2018.

Bøyabreen 1. oktober 2018.

I tillegg vert dei meir kjende brearmane, Bøyabreen og Store Supphellebreen, også overvaka ved at det vert teke bilete kvart år. Bresmeltinga gjer at frontposisjonsmålingar er vanskelege å gjennomføre, men fotografering av breane gjer at ein likevel kan dokumentere utviklinga deira.

Meir informasjon om frontposisjonmålingar og andre bremålingar, finst på NVE sine heimesider om bredata. Der kan du lesa at breane i Noreg minka kraftig i 2018, kor til dømes Engabreen i Nordland trakk seg heile 140 meter attende og Nigardsbreen smelta 81 meter.

Brear og klima

Den varme sommaren tæra hardt på Jostedalsbreens snø- og ismassar i 2018. Breane har, sidan framrykka på slutten av 1990-talet, i over 20 år trekt seg attende. Dette er ein del av den langsiktige trenden med minkande brear i eit stadig varmare klima. I fylgje Verdas Meteorologiorganisasjon (WMO) ligg 2018 an til å bli blant dei varmaste åra som nokon sinne er registrert på kloden sidan temperaturmålingane starta på midten av 1800-talet.

Breane er mellom anna vårt viktigaste vassreservoar. Heile 70 % av alt ferskvatnet på jorda er lagra i form av is, og breane utgjer såleis ei stabil vassforsyning til mange folk. Dessutan er breane rundt om i verda eit av våre beste klimaarkiv.

Besøk Norsk Bremuseum i haustferien

Pål Gran Kielland

Norsk Bremusuem held ope kvar dag i oktober frå 10:00 til 16:00.

Museet passar for alle aldersgrupper og er særs spennande for born. Vi kan nemne panoramafilmen om Jostedalsbreen av Ivo Caprino, den interaktive klimautstillinga der du kan oppleve både “the big bang” og ei istid, og resten av utstillinga. Heilt inst i museet kan du til og med gå ein liten tur “under breen”.

IMG_2469.JPG

I tillegg har vi ein kafé kor vi kan by på kaffe, te, kakao og vaflar. Vi har også suvenirbutikk og gratis parkering for våre gjester. For dei som treng å lade elbil så har vi ein Grønn Kontakt-ladestasjon ved parkeringsplassen.

Prisane er 125,- for vaksne, 60,- for born og 280,- for familie. For gruppeprisar (over 10 personar), kontakt oss gjerne.

Velkomne til Fjærland og Norsk Bremuseum i haustferien! :)

Utvida opningstider i september

Pål Gran Kielland

I september utvidar vi opningstidene frå 10:00 - 16:00 til 09:00 - 19:00. Auka besøkstal gjer at sesongen vert lengre, både om våren og om hausten.

Dette er særs gledeleg for oss sidan vi ynskjer å spreie kunnskap om brear og klima til stadig fleire besøkande - både gamle og nye gjester!

Gledeleg seinsomarhelsing frå gjengen hjå Norsk Bremuseum i Fjærland!