Norsk Bremuseum
6848 Fjærland

Tel: +47 57 69 32 88
Mobil: +47 97 68 02 28
Fax: +47 57 69 32 87

E-mail: post@bre.museum.no

Facebook

Fjærlandsfjorden 13
Fjærland
Sogn og Fjordane

+47 57 69 32 88

Norsk Bremuseum & Ulltveit-Moe senter for klimaviten, eit opplevingsmuseum om brear og klima for heile familien. Norsk Bremuseum ligg i Fjærland  i Sogndal kommune, og er eit offisielt Nasjonalparksenter for Jostedalsbreen.

IMG_6905_a-web.jpg

Skulebesøk og ekskursjon til Norsk Bremuseum

Norsk Bremuseum har fleire tilbod for skuleklassar og studentar.

Skulebesøk og ekskursjon til Norsk Bremuseum OG FJÆRLAND

Fjærland har kanskje verdas vakraste uteklasserom. Vi hjå Norsk Bremuseum har fleire faglege tilbod for skuleklassar og studentar som passar i museet og ute i det breforma landskapet. Ved bestilling avtales kva av desse aktivitetane klassen ynskjer å gjennomføre. For bestilling ring 57 69 32 88 eller send e-post til Norsk Bremuseum: post[at]bre.museum.no

 

Faglege aktivitetar

NB: tidsbruken for dei ulike aktivitetane kan variere og tilpassast den einskilde klassen undervegs.

  • Orientering om bredanning og klima i resepsjonen (10 min)
  • Panoramafilm om Jostedalsbreen av Ivo Caprino (20 min)
  • Utstillinga på eiga hand med oppgåver eller undervisingshefte (45-60 min)
  • Orientering om breforma landskap på taket til Norsk Bremuseum (10 min)
  • Den interaktive opplevingsutstillinga "Klima i endring" (15 min)
  • Ekskursjon til brearmane i Fjærland, med ekskursjonshefte (60 - 90 min)
  • Forelesing i feltstasjonen om ynskt tema innan naturgeografi, glasiologi, klima, geologi - spør oss! (30-60 min)
  • Klimaundervising; karbonfotavtrykk, klimatiltak, klimatilpassing (2 t 30 min) NB: denne aktiviteten er for vidaregåande elevar.

 

Turar på fjell og bre

  • Heildags fjelltur til Flatbreen med naturgeografisk guiding og brelære (6-8 timar; juni, august og september. 100 kr per person) NB: denne aktiviteten passar best for vidaregåande elevar og studentar som tek naturvitskaplege fag.
  • Bretur; heildagsaktivitet. Kontakt oss for meir informasjon og prisar.

 

Lærarar bør i alle tilfelle avklare undervisingsopplegg med fagansvarleg på førehand slik at det blir tilpassa den einskilde klassen. Vi er særs fleksible på opplegga vi gjennomfører og ynskjer alle elevar, studentar og lærarar velkomen til fagleg interessante besøk hjå oss.

 

Kontakt Fagansvarleg hjå Norsk Bremuseum:

Pål Gran Kielland, MSc Naturgeografi

57 69 32 88

pgk[at]bre.museum.no