Opplev Fjærland

Fjærland

Ingen stader i Noreg er det så enkelt å komme tett inn på breen som i Fjærland. Bøyabreen og Supphellebreen, utløparar av Jostedalsbreen, strekker seg heilt ned til bilvegen og ligg under 10 km frå fjorden. Det er difor ein god grunn til at Norsk Bremuseum ligg i Fjærland.

Reiselivet i Fjærland

Litt histroie om turisme, bokby og aktivitetar

Alt for 150 år sidan kom turistane hit. Framleis er Fjærland eit av Norges mest populære reisemål med opptil 300 000 tilreisande turistar kvart år. Bygda Fjærland har i underkant av 300 fastbuande, og høyrer til Sogndal kommune. Mundal er sentrum i bygda, med mellom anna kyrkje, daglegvarehandel med postkontor, hotell, skule, turistinformasjon og Den Norske Bokbyen. Kyrkja er frå 1861 med ei vakker altertavle måla av Bernt Tunold.

Storslegen natur, gode turtilhøve og ei stemning av ro er det som gjer at å vitje Fjærland er ei oppleving. Dei fleste verksemdene er bygd opp kring turismen, som har lange tradisjonar i Fjærland. Tidlegare vitja ei mengde turistskip bygda og hesteskyss frakta turistane til Bøyabreen og Supphellebreen. Cruiseskipa er enda fleire no, men i dag går turane til breen med buss. Turstien frå Supphelledalen opp til Flatbrehytta er inngangsporten for vandrarar til fjellet og på breen. I tillegg fins det 13 andre merka turløyper i Fjærlandsområdet; som variar frå lette turar på under 1 time til noko tyngre turar på 5-6 timar eller meir.

Fjærland har to flotte trehotell i Mundal sentrum. Ærverdige Hotel Mundal er eit av dei klassiske trehotella langs Sognefjorden, med fjord, bre, fjell og bokby som næraste naboar. Hotellet vart bygd i 1891. Det andre hotellet, Fjærland Fjordstove Hotell frå 1937, ligg idyllisk til heilt nede ved vasskanten av Fjærlandsfjorden, som er ein arm av Sognefjorden.

I Mundal  finn du òg bokbyen i Fjærland. I  eit titals svært originale bokutsal som tidlegare har vore ferjeventerom, fjøs, bank, fryseri og postlokale, er det til ei kvar tid til sals ca. 200.000 brukte bøker. Eller 4 kilometer bøker til sals! Bokbyen starta i 1995, og er open frå mai til september. Gjennom vinteren driv bokbyen eit livleg postordresal med eiga nettbutikk. Fjærland blei i 1996 den åttande bokbyen i Europa, og den første i Norden.

I Fjærland finn du flotte og spanande aktivitetar på bre, fjell og fjord. Til dømes guida turar med kajakk og kano på den idylliske Fjærlandsfjorden, eller spektakulære bre- og fjellturar kring Fjærlandsområdet og Jostedalsbreen.

Like ved museet ligg Bøyum Camping, som mellom anna også tilbyr matservering og sykkelutleige. Her finst det ein sandvolleyballbane med grillplass, og du er velkomen anten om du vil bu i hytte, telt, campingvogn eller bubil. Dette er Fjærlands einaste campingplass og eit framifrå utgangspunkt for skular og andre grupper som er nyfikne på aktivitetar, natur og friluftsliv.

For dei som søker eigne hytter litt meir for seg sjølv, kan vi anbefale å sjekke Fjærlands heimeside for alle tilboda mellom breen og fjorden.

 

Klima og landskap

Fjærland har er ei blanding av kyst- og innlandsklima med mykje snø - i 1981 og 1994 over 2 m. Temperaturen om sommaren kan gå opp i 30ºC, og temperaturen kan gå ned til-20ºC om vinteren. Fjærland er ei utprega jordbruksbygd. Jordsmonn og vekstvilkår er gode med store og lettdrivne gardar etter vestnorske tilhøve.

Landskapet i Fjærland er blitt forma av brear gjennom fleire istider dei siste 2,5-3 millionar år. Høge fjell og U-forma dalar kransar store deltaflater som er bygd opp av lausmassar frå breelvane.

Delar av Fjærland ligg innanfor grensa til Jostedalsbreen nasjonalpark. Nasjonalparken dekkjer eit område på 1310 km², med store variasjonar innanfor korte avstandar, frå fjord og lågland til fjell og brear. Jostedalsbreen er den største breen på fastlandet i Europa der Bøyabreen og Supphellebreen er utløparar ned i Fjærland. Nedre del av Supphellebreen ligg 60 m.o.h., og er den lågastliggjande breen i Sør-Noreg. Isen i brefalla sig opp til 2 meter i døgnet om sommaren, som er noko av det raskaste i Noreg.

Bøyaøyri våtmarksområde i Fjærland er verna som naturreservat, særleg på grunn av fugletrekka vår og haust. 90 ulike fugleartar er observert, og om lag 50 artar hekkar i dette området.

Kulturlandskapet i dalane rundt breen fortel om busetnad langt tilbake i tid. Jostedalsbreen har vore brukt som ferdslesveg mellom dalane i fleire hundre år. Ei av dei mest nytta rutene på den sørlege delen av Jostedalsbreen var mellom Lunde i Jølster og Fjærland, over Marabreen.

 

Kommunikasjon

Inntil for få år sidan var fjorden einaste kommunikasjonsveg mot utanverda. I 1986 blei vegen mellom Fjærland og Skei bygd, og i 1994 blei vegen vidareført til Sogndal. Dette gjer at Fjærland på få år er blitt eit kommunikasjonsmessig midtpunkt i Sogn og Fjordane. Ekspressbussane til/frå Oslo køyrer gjennom Fjærland.

Astri Knudsen

Astri er innhaldsprodusent og dagleg leiar i Gasta design og kommunikasjon. Ho er oppteken av å finne dei gode historiane og gi deg målretta innhald.

astri@gasta.no

Forrige
Forrige

Elsykkel i Fjærland

Neste
Neste

Naturguiding i Fjærland for familiar