Vetle Supphellebreen minkar

Breen har trekt seg over 100 meter attende sidan 2011

På vegner av NVE (Noregs vassdrags- og energidirektorat) utfører vi fronposisjonsmålingar på nokre brear i nærleiken av Fjærland. Bøyabreen og Store Supphellebreen har blitt målt over mange år, men grunna stor endringar i dei regenererte breane grunna smeltinga kunne vi ikkje lengre utføre presise målingar.

Difor starta vi i 2011 med målingar av fronten til Vetle Supphellebreen. Denne breen ligg i Supphelledalen i Fjærland, austafor sine litt større og meir kjende sysken Bøyabreen (lengst vest) og Store Supphellebreen (i midten). Grunna permisjon vart ikkje breen målt i 2022. Sidan 2021 har breen minka 73 meter. Til samanlikning minka breen “berre” med litt over 30 meter frå 2011 og til 2021. Store endringar dei to siste åra kan vera tilfeldig, men ikkje overraskande i eit stadig varmare klima.

Utsnitt NVE Breatlas Jostedalsbreen sør

Figur 1: Utsnitt Jostedalsbreen sør (Kjelde: NVEs breatlas på nett).

Vetle Supphellebreen har eit areal på litt over 7 kvadratkilometer. Til samanlikning er Bøyabreen 13,8 og Store Supphellebreen 12,7 kvadratkilometer stor. I motsetning til sine storesysken, har Vetle Supphellebreen ein front som er relativt enkel å måle. Tilkomsten er på den andre sida vanskelegare, med ein lang tur inn i Supphelledalen før ein kjem opp til fronten på cirka 800 meter over havet.

Supphelledalen i Fjærland

Fronten til Vetle Supphellebreen kan sjåast oppe til venstre i biletet. Supphelleskaret, og stien vidare mot Veitastrondi, ligg opp til høgre (Foto: Pål Hage Kielland).

At denne breen minkar er ikkje eineståande i dag. NVE utfører og samlar målingar frå heile landet, og trenden har vore ei negativ utvikling over mange år og særleg etter år 2000. Dei fyrste fronposisjonsmålingane på norske brear starta på slutten av 1800-talet og nokre brear har over 100 år med samanhengande målingar. Nedanfor har vi laga ei samanlikning med det fyrste biletet som vart teke av Vetle Supphellebreen i 1884 og eit bilete av nyare dato frå 2015. I gamle dagar dekka breen heile området sørafor Supphelleskaret. Målingar på breen starta i 1899 av statsgeolog John B. Rekstad, og dette held fram til 1944. Breen minka om lag 450 meter i løpet av desse åra.

Samanlikning Vetle Supphellebreen i 1884 (NGU/Steensrup) og 2015 (Kielland).

Å starte opp att med måleserie for denne breen såg vi på som eit viktig bidrag til overvakinga av norske brear, i tillegg til samfunnsoppdraget vi har med å samle, skape og spreie kunnskap om brear og klima. Norsk Bremuseum målar også frontposisjonen til Haugabreen i Jølster, men denne målinga har enno ikkje blitt utført i 2023 grunna krevjande tilkomst.

Forrige
Forrige

Haugabreen vert mindre

Neste
Neste

Oppdaginga av istida