Bremålingar på Jostedalsbreen

Tunsbergdalsbreen 1959. Foto: John Price.

Jostedalsbreen med sine mange breutløparar har vore og er interessant for utføring av bremålingar. Norsk Bremuseum har samla alle målingane frå Jostedalsbreen heilt frå 1900 til i dag.

Nokre av breane har lange måleseriar, nokre har berre blitt målt dei siste åra og andre har fleire avbrotne måleseriar bak seg. Kor kjapt reagerer breane på klimaendringar? Er det lengden eller tjukkleiken på breen som seier mest om nedbør og temperatur den siste tida? For å kome nærare eit svar på slike spørsmål, blir fleire av brearmane i Noreg målt årleg.

I Noreg er det Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) som har ansvar for måling av breane. Det er fleire målingar som vert utført; frontposisjon, massebalanse, hastigheit, vêr, overvaking frå satellitt og andre bremålingar. Desse metodane utfyller kvarandre, slik at ein får eit betre bilete av breen sin storleik og rørsle. I dag vert brefronten på 30-40 brear målt, medan massebalansen vert målt på 14 brear i Noreg. Jostedalsbreen er den største isbreen i Noreg, og endringar av brefronten på 12 brearmar blir årleg målt. I tillegg blir også massebalansen på Nigardsbreen og Austdalsbreen undersøkt.

Den årlege massebalansen til ein bre er avhengig av kor mykje snø den får tilført om vinteren (vinterbalanse) og kor mykje snø og is som smeltar om sommaren (sommarbalanse). Nettobalansen mellom desse to avgjer om breen har eit overskot eller underskot av snø det året. Om resultatet blir over 0 er det eit overskot (positiv massebalanse), er resultatet mindre enn 0 er det eit underskot (negativ massebalanse). Alle resultat blir omrekna til vassekvivalentar, slik at det blir lettare å samanlikne ulike resultat. Om brearmen eitt år har positiv massebalanse på 1 meter, får breen dette året får eit overskot som tilsvarar eit 1 meter tjukt lag med vatn over heile arealet til breen. For Nigardsbreen vil eit resultat på 1 meter tilsvare eit overskot på nesten 50 millionar kubikkmeter vatn (breen har eit areal på 48,2 km2). Dette var tilfellet i 2007 og i 2008. Til samanlikning hadde Bergen i 2007 eit vassforbruk på 43,4 millionar kubikkmeter vatn. I april/mai blir pålagringa av snø målt (vinterbalansen), medan smeltinga blir målt i september/oktober (sommarbalansen).

Sjå areal og andre faktaopplysingar om Nigardsbreen, Bøyabreen og Supphellebreen på denne sida, fakta om Austdalsbreen finn du her.

Dei første massebalansemålingane i Noreg vart utført så tidleg som i 1949 på Storbreen i Jotunheimen. Denne massebalanseserien er den nest lengste i verda. Dei første massebalanseundersøkingane på Jostedalsbreen tok til i 1962 på Nigardsbreen. Det er gjort årvisse målingar her sidan, men det er også kortare måleseriar på fire andre breutløparar frå Jostedalsbreen.

Frontposisjonsmålingane i Noreg tok til i 1899 og fleire av breutløparane frå Jostedalsbreen er blitt målt årleg i over hundre år (sjå diagrammet nedanfor). Frontendringane viser korleis lengda på breen endrar seg frå år til år, og er eit bilete på korleis brevolumet endrar seg over tid. Endringane ein kan sjå på ein brefront er ein forseinka reaksjon på endringar i massebalanse. Reaksjonstida til breane avheng mellom anna av lengd, brattleik og friksjonen mot underlaget. Kring Jostedalsbreen varierar reaksjonstida til utløparane stort sett mellom 3 og 30 år.

Kjelder: J. Rekstad: Bergen Museum (1899-1933), K. Fægri: Bergen Museum (1933-1939), O. Liestøl: Polarinstituttet (1946-1988), J.O. Hagen: Polarinstituttet (1989-1993) og NVE (1994-2021).

Frontposisjonsmålingar er ein relativt lite ressurskrevjande målemetode. Brefrontane blir målt frå faste punkt i den same retninga kvart år. Ulikskapen i avstand blir eit mål for korleis breen har endra seg siste året. Målingane blir gjort etter at smeltesesongen er ferdig, vanlegvis i september og oktober. Norsk Bremuseum er med på måleprogrammet på vegne av NVE, og målar frontposisjonen til Vetle Supphellebreen og Haugabreen. Vi held også auge med Bøyabreen og Store Supphellebreen gjennom foto.

Fotagrafiske bevis er òg viktige kjelder for å samenlikne breanes utvikling over tid. Sjå bilete av utviklinga til Briksdalsbreen, Bøyabreen, Store Supphellebreen, Vesle Supphellebreen og Haugabreen.

Resultata frå bremålingane blir publisert i NVE sin årlege brerapport Glaciological investigations in Norway og rapportert vidare til den internasjonale breovervakinga World Glacier Monitoring Service i Sveits.

NVE sine sider om bremålingar.

Måling av frontposisjonen til Bøyabreen med laserkikert. Foto: Gaute Dvergsdal Bøyum.

Spørsmål? Kontakt Norsk Bremuseum: post@bre.museum.no eller tlf. 57 69 32 88

Astri Knudsen

Astri er innhaldsprodusent og dagleg leiar i Gasta design og kommunikasjon. Ho er oppteken av å finne dei gode historiane og gi deg målretta innhald.

astri@gasta.no

Forrige
Forrige

Brefoto

Neste
Neste

Livet på og ved breen