Jøkullaup

Spora etter eit jøkulhlaup frå Flatbreen i 2004. Foto: Hallgeir Elvehøy, NVE.

Jøkullaup er ei brå tapping av ein sjø som er demt opp av ein bre, noko som fører til ein plutseleg og ofte katastrofal flaum. På same måte kan endemorenar fungere som ustabile demningar. Det kan også skje ved at vulkanutbrot under ein bre raskt smeltar store mengder is.

Klimaendringar kan føre til jøkullaup

På Blåmannsisen i Sulitjelma har det sidan 2001 vore tre jøkullaup. Det første var heilt uventa, og blei oppdaga då vasstanden i det oppdemte Sisovatnet steig med 2,5 m i løpet av ein og ein halv dag. Årsaka var ei tømming av den bredemte sjøen Øvre Messingmalmvatn, som eigentleg drenerar mot Sverige. Etter tappinga tok det tre år før vatnet igjen var fylt opp. Vatnet blei brått tappa igjen i 2005. Ein trur grunnen er at  breen har blitt tynnare, og difor ikkje kan stå imot trykket som vatnet utgjer. I 2007 blei vatnet tappa på ny, igjen heilt uventa. Denne gongen var ikkje vatnet blitt fylt opp til sin opprinnelege vasstand. Truleg har isdekket vorte enno tynnare og dermed tålt enno mindre trykk. Dette er eit eksempel på korleis klimaendringar kan føre til tapping av bredemte sjøar. NVE jobbar med å finne årsakane til desse tappingane slik at dei kan forutseie dei og såleis varsle når vatnet kjem. I eit regulert system kan ein då gjere plass til vatnet alik at det ikkje oppstår flaumar og utsett folk for fare.

Her kan du lese om Jøkullaupet frå Flatbreen. Det har skjedd fleire jøkullaup i Noreg, nokon av dei er omtalt nedanfor:

Demmevatn, Hardangerjøkulen

Den mest kjende bredemde sjøen er kan hende Demmevatn, som er demd opp av breen Rembesdalskåki, ein brearm til Hardangerjø­kulen. Sjøen tappa seg på to måtar; anten ved at vatnet smelta seg ein kanal i breoverflata, eller det smelta seg ein tunnel langs botnen av breen. Dei årvisse flaumane frå Demmevatn var små, og varte i 2-3 veker. Den første katastrofeflau­men kom i 1896. To andre store flaumar kom i 1937 og 1938. Etter desse blei det laga tunnelar som drenerer Demmevatn, og dermed hindrar det i å fylle seg opp.

Skaddalsvatnet, Jostefonni

I følgje skrivne kjelder blei Vetlefjorddalen i Balestrand herja av jøkullaup i første halvdel av 1800-talet. Den siste flaumen ein kjenner til skjedde i 1948. Den gong gjekk Vetlefjords­breen, ein brearm til Jostefonni, 2 km lengre ned i dalen enn han gjer i dag. På vestsida av brearmen blei eit vatn demt opp i munningen av Skaddalen, nedanfor der Skaddalsvatnet ligg i dag. Sjøen oppførte seg truleg svært likt Demmevatn. I dag har Vetlefjordsbreen smelta så langt attende at det ikkje lenger er fare for oppdemming og flaum. 

Brimkjelen, Jostedalsbreen

Brimkjelen er ein bredemd sjø på vestsida av Tunsbergsdalsbreen. Store, øydeleggjande flaumar kom i 1900, 1903 og 1926. Under flaumen i 1900 tok elva Leirdøla med seg ei bru som hadde vore i bruk i over 100 år. Tuns­bergsdalsvatnet framfor breen er i dag opp­demt. Demninga er spesielt høg for å fange opp flaumar frå Brimkjelen.

Utsikt mot Brimkjelen i 2010. Foto: Kjersti Moe.

Bredemte sjøar under siste istid 

På slutten av siste istid blei store bresjøar demde opp mellom vasskillet og restar av den smeltande innlandsisen. Særleg i Gudbrands­dalen og Østerdalen kan ein sjå spor etter bre­sjøane i form av strandlinjer, eller seter, som markerte vassnivået. Sjøane hadde avløp over ulike pass ved vasskilet i nord. Dei aller siste sjøane tappa seg i voldsomme jøkullaup under isen mot sør.

Den mest kjende sjøen er «Nedre Glomsjø» som fylte Østerdalen for om lag 9200 år sidan. Den 950 km² store sjøen (2,6 gonger større enn Mjøsa) var om lag 10 mil lang, og strekte seg frå Røros i nord til Atna og Storsjøen i sør. «Nedre Glomsjø» tappa seg i form av fleire jökulhlaup som fann vegen over Barkaldkjølen, mellom Østerdalen og Tylldalen. Berekningar viser at maksimal vassføring under jökulhlaupa kan ha vore 180 millionar liter i sekundet (32 gonger vassføringa i Niagarafossen). Resultatet blei det 250 m djupe og 2 km lange gjelet Jutulhogget. 

Ordet ”jøkullaup” kjem frå Island og tyder ”breen løper”, sjølv om det er vatnet som ”løper” ut av breen ein siktar til. Fenomenet skjer ofte på Island, og har ført til store skadar på øya. Særskilt i samband med vulkanutbrot har store jökulhlaup utvikla seg. Den siste store hendinga skjedde i 1996 då eit stort vulkanutbrot under Vatnajökull smelta store mengder vatn som vart samla i ein innsjø under breen. Til slutt var sjøen så stor at den løfta isdemninga slik at vatnet vart tappa i eit veldig jøkullaup, det største verda har sett sidan 1938. Vassføringa var åtte gonger så stor som Niagarafossen (45 millionar liter i sekundet) og det tok med seg 100 millionar tonn sand, grus og vulkanmateriale. Lokalt førte dette til at kystlinja vart bygd ut med 900 meter og at all infrastruktur vart øydelagt.

Les meir om fenomenet jøkullaup på NVE sine heimesider.

Astri Knudsen

Astri er innhaldsprodusent og dagleg leiar i Gasta design og kommunikasjon. Ho er oppteken av å finne dei gode historiane og gi deg målretta innhald.

astri@gasta.no

Forrige
Forrige

Livet på og ved breen

Neste
Neste

Jøkullaup frå Flatbreen