Spørsmål og svar

  • Svaret er ikkje så enkelt, fordi breane i Noreg oppfører seg ofte ikkje likt. På Vestlandet voks dei fleste breane på 1990-talet. Dette var på grunn av at det kom mykje snø i vintrane på slutten av 1980-talet og byrjinga av 1990-talet.

    Mykje snø om vinteren gjer at breane kan leggje på seg. I dei siste åra har dei fleste brear på Vestlandet minka på grunn av lite snø og dei varme somrane. Viss du vil vite meir om korleis bestemte brear i Noreg har endra seg dei siste åra, kan du gå til vevsidene til NVE. Ei lenkje dit finn du på museet si lenkjeside.

  • Dette har med utsjånaden til breane å gjere. Det er nemleg utsjånaden som bestemmer den såkalla reaksjonstida som alle brear har. Reaksjonstida er tida som går før vi kan sjå klimaendringar ved at breen veks eller minkar.

    Korte og bratte brear har ei svært kort reaksjonstid på berre nokre få år. Lange og slake brear har mykje lengre reaksjonstid, fordi isen treng mykje lenger tid til å nå brefronten, der vi som regel ser endringane tydlegast.

    Her kan du sjå reaksjonstida til nokre utvalde brear på Vestlandet, som alle er brearmar av Jostedalsbreen:

    Supphellebreen: 2 år

    Bødalsbreen: 3 år

    Bøyabreen: 3 år

    Briksdalsbreen: 3 år

    Kjenndalsbreen: 3 år

    Melkevollbreen: 3 år

    Bergsetbreen: 4 år

    Fåbergstølsbreen: 23 - 28 år

    Lodalsbreen: 23 - 28 år

    Nigardsbreen: 23 - 28 år

    Stegholtbreen: 23 - 28 år

    Tunsbergdalsbreen: 35 år

  • Firngrensa eller firnlinja er grensa mellom is og firn (= snøen frå i fjor) på breen om hausten, når smeltesesongen er slutt. Ofte er denne linja lik med likevektslinja, som er grenselinja på breen der det kjem like mykje snø og is som det smeltar.

 

Fekk du ikkje svar på spørsmålet ditt? Send gjerne e-post til oss: post@bre.museum.no. Norsk Bremuseum har ein eigen fagperson som kan svare på det meste, eller rettleie deg til å finne kunnskapen du søkjer.

Astri Knudsen

Astri er innhaldsprodusent og dagleg leiar i Gasta design og kommunikasjon. Ho er oppteken av å finne dei gode historiane og gi deg målretta innhald.

astri@gasta.no

Forrige
Forrige

Eksperiment

Neste
Neste

Fagstoff