Pedagogisk leikepark

Uteområdet med den pedagogiske leikeparken. Foto: Gaute Dvergsdal Bøyum.

Den pedagogiske leikeparken passar for born og unge. Der kan dei lære om istidsdyret “den ullhåra mammuten”, kva havnivåstiging er og korleis ein morene vert danna. Leikeparken er interaktiv og har forklarande tekstar. Spør gjerne mamma eller pappa, eller ein annan vaksen.

Mammutfamilien består av “ei mor og to små barn” som står fint plassert ved dammen framfor museet. Dyra er i realistisk skala og du kan gjerne ta bilete av deg sjølv med dei!

Utstillinga om havnivåstiging er ein miniatyr av landskapet i Fjærland rundt Norsk Bremuseum, der museet ligg mellom bratte fjell på deltaflaten ved fjorden. Korleis kan global oppvarming påverke breane og vatnet, slik at havet stig? Særskild informasjon om havnivå og issmelting har vi også eit “sjølvgåande” eksperiment av inne i museet!

Moreneutstillinga inneheld ekte morenesand og tre brear som kan skubbast mellom fjella. Når breen beveger seg, brøyter den opp ein ein morene. Gøymt nede i morenesanden kan du finne spanande fossil av prehistoriske dyr!

Støttespelarar pedagogisk leikepark

Følgjande har vore støttespelarar

Følgjande har gjeve gåver og tilskot