Brear og klima

Kvifor får brear så stor merksemd når det gjeld klima?

Brear er sensitive indikatorar på klimaendringar. Foto: Trygve Snøtun.

Det finst vel konsekvensar av klimaendringar som er verre enn at brear forsvinn, som til dømes tørke og mangel på mat og vatn? Isbreane er mellom anna vårt viktigaste vassreservoar. Heile 70 % av alt ferskvatnet på jorda er lagra i form av is, og isbreane utgjer såleis ei stabil vassforsyning til mange folk. Dessutan er breane rundt om i verda eit av våre beste klimaarkiv.

Brear er sensitive indikatorar på klimaendringar. Foto: Trygve Snøtun.

Breane gir oss viktig informasjon om fortidas klima

Det er fleire måtar brear kan nyttast som klimaarkiv. Ein bre blir danna av fleire år med pålagring av snø. Snøen blir omdanna til is gjennom smelte- og fryseprosessar og komprimering. Innimellom iskrystallane blir luftbobler frå den tida snøen/isen sist var i kontakt med atmosfæren fanga. Ved å bore iskjernar kan ein ta ut prøvar av desse luftboblene og finne ut korleis atmosfæren har vore samansett tilbake i tid og korleis mengda av t.d. drivhusgassar som karbondioksid og metan har endra seg bakover i tid.

Ein annan måte å studere iskjerner på, er å sjå på oksygenisotop-samansetnaden i vassmolekyla som isen er laga av. Isotopisk samansetnad av nedbør gjenspeglar temperaturen då nedbøren fann stad. Ut frå den kan ein seie noko om korleis temperaturen har endra seg over tid. Ein kan også bestemme alder på dei prøvane som blir analysert ved å telje årslag i snøen/isen på dei store innlandsisane, der lyse lag er vintertilskotet og mørke lag er sommartilskotet. Desse årslaga kan også fortelje om endringar i nedbør.

 Er alle brear like interessante?

Iskjernar egnar seg best å ta der det er lite snøsmelting og kontinuerleg pålagring av snø. I tillegg bør det vera minst mogleg isrørsle på borelokalitetane. Difor er dei beste lokalitetane å finne ved sentra på ein isbre/iskappe der det er svært kaldt. Det er særskilt dei store innlandsisane på Grønland og i Antarktis som er viktige for å rekonstruere temperatur, nedbør og luftsamansetnad i atmosfæren bakover i tid. Frå begge innlandsisane er det tekne opp iskjernar som er over 3000 meter lange, men på grunn av at det er mindre nedbør på Antarktis får ein dei lengste tidsseriane der. I dag har ein på Grønland klart å komme over 120 000 år tilbake i tid med desse iskjernane, medan ein på Antarktis har klart å komme heile 800 000 år tilbake.

Figuren viser korleis CO2 konsentrasjon i atmosfæren og temperatur har svinga dei siste 800 000 åra. Resultata er funne etter undersøking av iskjerner henta frå 3,060–3,270 meter nede i isdekket på Antarktis. Figuren er modifisert etter Lüthi m.fl. 2008.

Utbreiinga av brear gjenspeglar klimaet på ein stad

Også dei mindre breane er viktige i klimaforståinga. Endringar i breutbreiinga fortel noko om endringar i klima. Sidan brear i all hovudsak er styrt av vinternedbør og sommartemperatur, vil endringar av desse klimaparameterane bli gjenspegla av breen. Mykje snø og/eller låg temperatur fører til av breane veks, medan lite snø og/eller høge temperaturar gjer at breane smeltar. I dag blir både endringar i brefronten og massebalansen målt på mange brear, både i Noreg og resten av verda.

Fram- eller tilbakerykk av brefronten er ein reaksjon på positiv/ negativ massebalanse, men grunna ulik reaksjonstid, kan det være fleire års forskyving mellom målt positiv massebalanse og eit framrykk i brefront. Det er mange metodar for å berekne breutbreiiing lenger tilbake i tid enn det finst målingar. Datering av moreneryggar og analysar av bresediment i innsjøar og fjordar kan gi verdfull informasjon om tidlegare utbreiingar av brear, og på den måten om klima bakover i tid.


Les meir om:

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Klima i endring