Breutløparar frå Jostedalsbreen

Norsk Bremuseum har samla informasjon om nokre breutløparar frå Jostedalsbreen.

Her kan du lære om Bøyabreen og Supphellebreen i Fjærland, og Nigardsbreen i Jostedalen som er ein av Noregs mest kjende og mest studerte brearmar. Totalt er det 37 namngjevne brearmar som strøymer ut frå Jostedalsbreen.

“På kartet ligner Jostedalsbreen et fantasidyr som klamrer seg til fjellene med mange armer ned i dalene.”
Orheim, O. 2009. Norske isbreer.

Bøyabreen

Bøyabreen er ein kort og bratt brearm sør på Jostedalsbreen og som kjem ned i Fjærland. I dag er det ein nedre del som ikkje heng saman med hovudbrefallet. Den nedre delen er ein såkalla regenerert bre som er avhengig av å få tilført så mykje snø og is frå hovudbrefallet at den ikkje smeltar vekk. Men ein treng ikkje gå lenger tilbake i tid enn til 1990-talet før dei to delane av breen hang saman. Tidlegare har breen sjølvsagt vore ei samanhengda masse ned i dalen, noko vi kan sjå i biletet frå 1868.

Bøyabreen er 5,7 km lang og dekkar eit areal på 13,9 km2. Dreneringsbassenget startar 1733 m o.h. og endar kring 504 m o.h. Nokre hundre meter under denne fronten startar den regenererte delen av Bøyabreen. Fronten på den regenererte delen av Bøyabreen ligg på om lag 150 m o.h., og det var på den delen av breen det vart utført frontposisjonsmålingar i perioden 2003 - 2014. Desse målingane utførte Norsk Bremuseum for NVE.

I 1972 styrta det eit småfly i øvre deler av Bøyabreen. Piloten døydde. Mannen vart henta ut, men sjølve flyet vart liggande att på breens snødekte overflate. Flyet vart etterkvart ”teken” av breen då det vart dekka av snø og seinare innlemma i isen, og vi venta lenge på at restane frå flyet skulle dukke opp i fronten nede ved Bøyabrevatnet. I grunn tenkte vi aldri at vi skulle få sjå flyet igjen, før ein tysk turist sende melding til museets Instagramkonto i slutten av september 2021. Meldingen synte fleire bilete av aluminiumsbitar, og det skulle vise seg at dette var vrakrestar frå flyet! Eitt fly hadde blitt til tusenvis av mindre bitar på sin ferd gjennom isen og fram i fronten gjennom 49 år. Vi har laga ein eigen utstilling om flyet i Bøyabreen, som vi anbefalar å sjå viss du besøker museet.

Bøyabreen ligg like ved riksveg 5. Det er mogleg å køyre til den sommaropne restauranten Brævasshytta, under 1 km frå brefronten. Brævasshytta er bygd inn i ein morenerygg som Bøyabreen avsette i 1930. Brearmen har vore mykje vitja av turistar heilt frå slutten av 1800-talet. Årsaka er at den er og har vore lett tilgjengeleg. Før kom utanlandske turistar med cruisebåtar inn fjordane i Noreg. Ingen annan stad i Sør Noreg er avstanden frå fjorden til breane kortare enn i Fjærland, og turistane kunne bli frakta opp til breane med hesteskyss.

Supphellebreen

Supphellebreen er óg ein brearm frå Jostedalsbreen som kjem ned i Fjærland. Den består av ein relativt slak øvre del (kalla Flatbreen) ned til kring 1000 m o.h. før den går bratt ned mot Supphelledalen. I dalbotnen ligg det ein regenerert del av Supphellebreen, som eksisterer på grunn av stor tilførsel av snø og is frå hovudbreen over. Supphellebreen går frå 1734 m.o.h. ned til 733 m.o.h. Lengda er 8,4 km og breen har eit areal på 12,87 km2.

Den regenererte delen av breen startar fleire hundre høgdemeter nedanfor hovudbreen. Brefronten når heilt ned til om lag 60 m.o.h., noko som gjer breen til den lågastliggande breen i Sør-Noreg. Det er på den regenererte delen av Supphellebreen at brefrontmålingar vart tekne i perioden 1992 - 2014.

Under ”den vesle istida” nådde Supphellebreen si maksimale utbreiing kring 1750 e.Kr. Mest truleg nådde ikkje den regenererte delen av Supphellebreen hovudbreen på denne tida heller. Likevel låg brefronten nesten 1 km lenger ute i dalen enn i dag. I området framom dagens bre finn ein fleire tydelege moreneryggar som Supphellebreen har avsett i periodar då breen anten har stått i ro eller hatt mindre framrykk.

Fastmerket framfor Supphellebreen i 1899 (foto: NGU) og 2016 (foto: Pål Gran Kielland).

I 2017 gjorde vi eit funn av ein stor steinblokk som vart brukt som fastmerke da frontposisjonsmålingar starta opp i 1899. Det var statsgeologen John Bernhard Rekstad (1852-1934) som oppretta dette merket for å måle avstanden til breen. Den gongen målte han 77 meter til brekanten. I dag finn vi steinblokka litt over 400 meter frå breen, noko som betyr ein attendesmelting på over 300 meter sidan 1899. I biletet frå 1899 står Rekstad sjølv ved sidan av blokka medan det er driftssjef ved Norsk Bremuseum, Svein Arne Bøyum, som er avbilda på det nye biletet.

Det er gjort fleire glasiologiske målingar på Supphellebreen. Massebalanse er målt i periodar mellom 1964 og 1982, medan frontposisjonsmålingar er målt i tre periodar. Periodane med frontposisjonsmålingar har ein ennå ikkje klart å binde saman, og difor har ein vore nøydd å starte på null for kvar periode. Dei siste åra (frå 1992 til 2014) har Norsk Bremuseum gjort målingane for NVE.

På same måte som Bøyabreen, har Supphellebreen vore ein mykje vitja brearm. Dette kan i stor grad tilskrivast at den er lett tilgjengeleg med veg heilt inn til utsiktspunktet nedanfor brefallet.

Nigardsbreen

Nigardsbreen er ein av Noregs mest kjende og mest studerte brearmar. Frå breplatået buktar den seg nedover gjennom ein trong dal austover ned mot Jostedalen. Breen er kring 10 km lang og går frå 1946 m.o.h. til om lag 345 m.o.h. Den har det nest største dreneringsbassenget på heile breen med sine 42 km2, men berre 6 % av breen ligg under 1200 m o.h. Breen vender seg mot søraust.

På grunn av den karakteristiske forma, den lette tilgjengelegheita og tilbod om breturar, er brearmen eit populært reisemål for turistar.

Illustrasjon: Bjørn Vold.

Sidan 1899 er frontposisjonen på breen målt og massebalansemålingar er gjort kontinuerleg sidan 1962. I tillegg er isrørsle, meteorologiske data, og avløp og sedimenttransport blitt målt.

Området framom Nigardsbreen er grundig undersøkt i fleire arbeid, både naturgeografiske og botaniske. Under ”den vesle istidas” maksimum i 1748 låg breen kring 4,5 km lenger nede i dalen enn i dag (sjå illustrasjonen til høgre). 

Etter at breen hadde nådd sin maksimale posisjon, smelta den tilbake med nokre opphald eller mindre framstøyt som danna moreneryggar. Desse moreneryggane kan gi viktig informasjon om storleiken til breen og om tidspunktet når breen nådde ei viss utstrekking.

Etter at breen trekk seg tilbake vil området vere ope for planteimmigrantar. I eit slikt landskap får ein primær suksesjon, der ein kan følgje med korleis artssamansetnaden endrar seg over tid, på same måte som til dømes etter siste istid.

I moderne tid har breen, og er framleis, vore særs populær for brevandring både blant turistar og folk som er brekyndige. Mange nyttar høvet til å gå fram til brefronten eller å bli med på guida brevandring.

Sidan breen alltid er i rørsle må ein ta omsyn til at is kan rase ut, noko som kan vera både skadeleg og i verste fall dødeleg.

Ver varsam og hald avstand til brefronten, og fylgj råd og åtvaringar om farar ved breen.

Astri Knudsen

Astri er innhaldsprodusent og dagleg leiar i Gasta design og kommunikasjon. Ho er oppteken av å finne dei gode historiane og gi deg målretta innhald.

astri@gasta.no

Forrige
Forrige

Jøkullaup frå Flatbreen

Neste
Neste

Visste du at?