Visste du at?

Bøyabreen 1997. Foto: Finn Loftesnes.

… 70% av alt ferskvatnet på jorda finst som snø og is?

90% av dette er lagra på Antarktis og 9% på Grønland. Under ein prosent av ferskvatnet finst i innsjøar og vassdrag! På jorda er det 1 400 millionar km3 vatn, men ferskvatnet utgjer berre 2,5% av dette, resten er saltvatn.

Noreg er det landet i Europa som har flest brear, og dermed lagrar mest vatn. I verden er Antarktis som lagrar mest vatn i form av is. Om isen som ligg på land smeltar vil det føre til ei auke i havnivået. Til dømes kan ei smelting av isen på Antarktis føre til ca 60 m høgare havnivå, og ein vekksmelta Grønlandsis kan auke havnivået med 7 m.

 

Supphellebreen 2010. Foto: Torunn Bøe.

… Jostedalsbreen ikkje er ein rest fra siste istid? 

Forskarane meiner at heile Jostedalsbreen var vekke i ein periode på om lag 3000 år. Dette skjedde for om lag 8000 til 5000 år sidan. Då var klimaet varmare enn i dag. Denne perioden heiter Atlantikum. Etterpå blei klimaet kaldare igjen og breen danna seg på nytt.

 

Vetle Bøyabreen 2014. Foto: Pål Hage Kielland.

… det finst kring 6000 brear i Noreg?

Det totale arealet dei dekkjer er 2328 km2, med 1400 km2 i Sør-Noreg og 928 km2 i  Nord-Noreg

På Svalbard finst det 2128 brear som dekkjer eit areal på 36 591 km2.

 

Bøyabreen 2014. Foto: Pål Hage Kielland.

… Jostedalsbreen er den største breen på europeiske fastland?

Jostedalsbreen dekkjer eit areal på 458 km2 og er om lag 60 km lang. Fleire plassar er islaget over 600 m tjukt, t.d. under Tunsbergdalsbreen og Nigardsbreen.

Ismassen til Jostedalsbreen svarer til om lag 300 000 millionar badekar med vatn, heile Noreg sitt vassbruk i 100 år. Meir informasjon kan du få på sida om Jostedalsbreen nasjonalpark.


Astri Knudsen

Astri er innhaldsprodusent og dagleg leiar i Gasta design og kommunikasjon. Ho er oppteken av å finne dei gode historiane og gi deg målretta innhald.

astri@gasta.no

Forrige
Forrige

Breutløparar frå Jostedalsbreen

Neste
Neste

Lenkjer