Visste du at?
… 70% av alt ferskvatnet på jorda finst som snø og is?
90% av dette er lagra på Antarktis og 9% på Grønland. Under ein prosent av ferskvatnet finst i innsjøar og vassdrag! På jorda er det 1 400 millionar km3 vatn, men ferskvatnet utgjer berre 2,5% av dette, resten er saltvatn.
Noreg er det landet i Europa som har flest brear, og dermed lagrar mest vatn. I verden er Antarktis som lagrar mest vatn i form av is. Om isen som ligg på land smeltar vil det føre til ei auke i havnivået. Til dømes kan ei smelting av isen på Antarktis føre til ca 60 m høgare havnivå, og ein vekksmelta Grønlandsis kan auke havnivået med 7 m.
… Jostedalsbreen ikkje er ein rest fra siste istid?
Forskarane meiner at heile Jostedalsbreen var vekke i ein periode på om lag 3000 år. Dette skjedde for om lag 8000 til 5000 år sidan. Då var klimaet varmare enn i dag. Denne perioden heiter Atlantikum. Etterpå blei klimaet kaldare igjen og breen danna seg på nytt.
… det finst kring 6000 brear i Noreg?
Det totale arealet dei dekkjer er 2328 km2, med 1400 km2 i Sør-Noreg og 928 km2 i Nord-Noreg
På Svalbard finst det 2128 brear som dekkjer eit areal på 36 591 km2.
… Jostedalsbreen er den største breen på europeiske fastland?
Jostedalsbreen dekkjer eit areal på 458 km2 og er om lag 60 km lang. Fleire plassar er islaget over 600 m tjukt, t.d. under Tunsbergdalsbreen og Nigardsbreen.
Ismassen til Jostedalsbreen svarer til om lag 300 000 millionar badekar med vatn, heile Noreg sitt vassbruk i 100 år. Meir informasjon kan du få på sida om Jostedalsbreen nasjonalpark.