Norsk Bremuseum
6848 Fjærland

Tel: +47 57 69 32 88
Mobil: +47 97 68 02 28
Fax: +47 57 69 32 87

E-mail: post@bre.museum.no

Facebook

120 Fv152
Sogn og Fjordane, 6848

+47 57 69 32 88

Norsk Bremuseum & Ulltveit-Moe senter for klimaviten, eit opplevingsmuseum om brear og klima for heile familien. Norsk Bremuseum ligg i Fjærland  i Sogndal kommune, og er eit offisielt Nasjonalparksenter for Jostedalsbreen.

Vinternatt_4_2008_GDB.jpg

Om oss

Norsk Bremuseum & Ulltveit-Moe senter for klimaviten er eit interaktivt museum for heile familien som gir deg kunnskap om brear og klima på ein ny og spennande måte.

Om oss

Norsk Bremuseum i månelys vinternatt. Foto: Gaute Dvergsdal Bøyum.

Norsk Bremuseum i månelys vinternatt. Foto: Gaute Dvergsdal Bøyum.

Norsk Bremuseum & Ulltveit-Moe senter for klimaviten er eit interaktivt museum for heile familien som gir deg kunnskap om brear og klima på ein ny og spennande måte.

Museet er ei privat stifting oppretta av Den Norske Turistforening, International Glaciological Society, Norges vassdrags- og energidirektorat, Norsk Polarinstitutt, Høgskulen i Sogn og Fjordane, Universitetet i Bergen og Universitetet i Oslo.

Føremålet med Norsk Bremuseum er å samle, skape og spreie kunnskap om brear og klima. Stiftinga si verksemd omfattar naturvitskaplege og kulturhistoriske fagfelt. Bremuseet syner samspelet i naturen og mellom natur og menneske - gjennom avansert filmteknikk, interaktive modellar og dine eigne eksperiment med ekte bre-is. Norsk Bremuseum er for det nyfikne mennesket.

Bre og klima - kunnskap til ettertanke
— Norsk Bremuseum

Norsk Bremuseum sitt seminar- og undervisingsbygg; Feltstasjonen. Foto: Gaute Dvergsdal Bøyum.

Utstillingane er delt inn i 4 emne med 24 tema og syner blant anna korleis brear blir danna, korleis dei har forma fjordlandskapet, og kvifor breane spelar ei viktig rolle i klimaforskinga. Museet omfattar også Ulltveit-Moe senter for klimaviten. Der blir kunnskap formidla gjennom ei opplevingsreise i tid frå atmosfæren blei til, via siste istid, og fram til år 2100. Frå taket har ein storslått utsikt til breane og landskapet dei har forma. Vi viser også Ivo Caprino sin panoramafilm frå Jostedalsbreen kvar heile og halve time.

Norsk Bremuseum er eit offentleg godkjent nasjonalparksenter, med særskilt informasjon om Jostedalsbreen nasjonalpark

Norsk Bremuseum er teikna av sivilarkitekt M.N.A.L. Sverre Fehn

Ynskjer du å leggje seminar o.l. til Fjærland og Norsk Bremuseum, så finn du meir informasjon om det her. 

 

Kontaktinformasjon.