Miljøfyrtårn

Sommaren 2019 vart Norsk Bremuseum & Ulltveit-Moe senter for klimaviten sertifisert som eit Miljøfyrtårn.

Målsettinga var ei bevisstgjering for å bidra til ein grønare og meir berekraftig framtid. I 2022 har vi blitt resertifisert for tre nye år og er med det klare for ein vidare berekraftig innsats.

For å bli sertifisert gjekk vi gjennom ein prosess der vi måtte tilfredsstille ei rekkje krav innan arbeidsmiljø, innkjøp, transport, energibruk, avfall, estetikk og andre miljøaspekt.

Miljøfyrtårnsertifiseringa vart gjennomført med støtte og hjelp frå ulike aktørar. Visit Sognefjord har vore ein viktig pådrivar for merking som berekraftig reisemål, og har oppmoda alle medlemmene til å vurdere miljøsertifisering. I tillegg har Sogn og Fjordane Fylkeskommune ei tilskotsordning for miljøsertifisering gjennom Innovasjon Noreg.

Mykje av arbeidet med sjølve sertifiseringa vart gjort i samarbeid med miljøfyrtårnkonsulent Bodil Lande i GreenCo. Samarbeidet med GreenCo har verkeleg auka kunnskapen vår om korleis å drive berekraftig som reiselivsverksemd. I tillegg har vi hatt eit godt samarbeid med Helge Evensen Bjørkum i AAA Miljø AS som har stått for sertifisering og resertifisering.

Dei tilsette ved museet har alle bidrege godt for å gjera sertifiseringa mogleg - heilt frå den administrative leiinga på toppen og til dei sommartilsette i museet. Fokuset har særleg vore på sparing av vatn og straum, riktig avfallshandtering, matsvinn, HMS-arbeid, og det å skape og utvikle ein bevisstgjering om berekraft blant dei tilsette, men også blant våre leverandørar.

Vi takkar for all hjelp og samarbeid i denne prosessen, og vi er stolte over å kalle oss for eit Miljøfyrtårn!

Sertifiseringsbevis Miljøfyrtårn.

Våre samarbeidspartnarar i sertifiseringsprosessen: