Kollektivt

Norsk Bremuseum ligg i Fjærland - området som omsluttar Fjærlandsfjorden, ein arm av Sognefjorden. Ved å reise kollektivt kan ein mellom anna koma til Fjærland frå Oslo og Bergen med buss via riksveg 5 og det er kort avstand til Skei eller Sogndal. Busstopp ligg like ved museet.

Reisetider til Fjærland frå:

  • Skei: under ½t (bil - 28 km)

  • Sogndal: drøy ½t (bil - 34 km)

  • Bergen: 4-5t (bil eller buss)

  • Oslo: 6-8t (buss/bil via Lærdal)

For reisande med elbil er det høve til å nytte hurtiglading på parkeringsplassen ved museet. Denne vert drifta av Mer.

Passasjerbåt på Fjærlandsfjorden

Fjord- og brecruiseruta på Fjærlandsfjorden går mellom Fjærland, Balestrand og Vik i juni, juli, august og september (15.sept).

Dette er ein passasjerbåt med korrespondanse til Sogndal/Flåm og Bergen.

Reise hit

Brebussen

Bussen køyrer frå Mundal kai kl. 13.30 kvar dag i perioden 01.06-15.09. Den korresponderar med turistbåten som kjem frå Balestrand.

Bussen går til Bøyabreen og stoggar ved Norsk Bremuseum undervegs

I høgsesong er det engelsktalande guide ombord i bussen.

Turistbuss Fjærland 2023

Pris: vaksen 40 kr, barn 20 kr

Sentrum kl 13:30

Bremuseum 55 min kl 13:35

Bremuseum avreise kl 14:25

Bøyabreen 30 min kl 14:35

Baøyabreen avreise kl 15:10

Bremuseum avreise kl 15:20

Sentrum kl 15:25

Kombinere passajserbåt og brebuss?

Fjordtours tilbyr ei pakke med båt innover Fjærlandsfjorden og sightseeingbuss til museet og Bøyabreen.