Eksperiment

Her finst det eksperiment som illustrerer og demonstrerer ulike sider ved brear, klimaendringar og geomorfologi.

Utføringa av eksperimenta er skildra, kva førebuing som krevast, det er lista opp kva utstyr som trengs og til kvart forsøk er det eit sett med spørsmål som er aktuelle til temaet.

  1. Nordpolen og Sørpolen - Kva skjer om isen på polane smeltar? Er det forskjell på nord- og sørpolen? Kva vil skje med havnivået? Prøv deg, og finn ut kva som skjer! Tid: 1-2 skuletimar. Førebuing: ja.  Fasit finn du her!

  2. Sylinder med sand og vatn - Kvifor er breelver grøne? Korleis oppstår eit delta? Kva er forskjellen på grus, sand, silt og leire? Test sylinderen og finn svaret! Tid: 20-30 minutt. Førebuing: ja.

  3. Bresprekkar - Lag ein enkel modell av ein bre, og sjå korleis bresprekkar oppstår! Tid: 20-30 minutt.

  4. Skure-is - Kvar kjem sanda, silten og leira i breelva frå? Lag skure-isen og sjå korleis breen sliper underlaget. Tid: 10-15 minutt. Førebuing: ja.

  5. Jökulhlaup - Brå tapping av bredemt vatn. Kva er eit jökulhlaup? Kan ei morenedemning briste? Tid: 30 min. Førebuing: ja. Eksperimentet er utvikla av Earth Learning Idea.

Astri Knudsen

Astri er innhaldsprodusent og dagleg leiar i Gasta design og kommunikasjon. Ho er oppteken av å finne dei gode historiane og gi deg målretta innhald.

astri@gasta.no

Forrige
Forrige

Brear og klima

Neste
Neste

Spørsmål og svar