Breturkartet for 2019-sesongen er klart

Sidan 1992 har “Breturkartet” fungert som ein dugnad for å formidle føringsmoglegheiter på fleire av Jostedalsbreens armar, og på andre brear i Nasjonalparken. Dette er ei brosjyre med informasjon om faste føringsturar, om ulike breførarlag, om trygg ferdsel på bre, om Jostedalsbreen Nasjonalpark, verneverdiar og besøkssenter, og kor du finn turistinformasjon i området kring den største breen på det Euorpeiske fastlandet.

Det er mange storslegne moglegheitar for breføring i Jostedalsbreen Nasjonalpark. Foto: Norsk Bremuseum.

Norsk Bremuseum tok i 1992 initativ til eit prøveprosjekt i felles presentasjon av tilboda om breføring kring Jostedalsbreen. Den gongen var prøveprosjektet eit samarbeid mellom Den Norske Turistforening/Bregruppa, Fjærland idrettslag, Indre Sunnfjord Turlag, Jostedalen Breførarlag, Norsk Bremuseum, Sogn og Fjordane turlag/Fjellsportgruppa, Stryn Fjell- og breførarlag, Anders Øygard/Flatbrehytta, Sogn og Fjordane reiselivsråd og forvaltinga av Jostedalsbreen Nasjonalpark. Norsk Bremuseum har heile tida vore ansvarleg utgjevar av Breturkartet. Ellen Jepson har stått for grafisk design i alle desse åra.

Utsnitt frå Breturkartet i 1992.

I dag er fleire av dei same aktørane med i samarbeidet, men mange andre har også blitt med. Dei tre besøkssentra til Jostedalsbreen Nasjonalpark; Norsk Bremuseum i Fjærland, Breheimsenteret i Jostedalen og Jostedalsbreen Nasjonalparksenter i Oppstryn. Destinasjonsselskapa Visit Sognefjord, Visit Nordfjord og Sunnfjord Utvikling er også med. Av breførarlag har vi Bre og Fjell, Briksdal Adventure, Fjord Active, Fjærland Guiding, Ice Troll, Jostedalen Breførarlag, Norgesguidene og Sogn og Fjordane Turlag. Forvaltinga av Jostedalsbreen Nasjonalpark er den bidragsytaren som gjev mest i økonomisk stønad.

Det har vore og er framleis eit godt samarbeid og interesse for å halde fram med utgjevingane av denne brosjyren, som i desse dagar skal delast ut i kjerneområdet kring Jostedalsbreen. Vi vonar at det vert ein god sesong for trygge breturar i 2019, og vi takkar alle som har vore med på denne dugnaden i snart 30 år.

Gasta Design
Forrige
Forrige

Ledig stilling som direktør ved Norsk Bremuseum og Ulltveit-Moe senter for klimaviten

Neste
Neste

Breane minkar i 2018