Panoramafilm om Jostedalsbreen

Opplev Jostedalsbreen

Velkomen inn for å sjå panoramafilmen om Jostedalsbreen og nasjonalparken. Her kan du oppleve breen frå lufta, på overflata, inne i brefalla og under isen. Du får bli med inn i ei verd av snø og is som byr på naturopplevingar som er unike for dette ville verneområdet. Medan du svevar over det majestetiske, breforma landskapet, kjem du òg nærare dei små tinga i naturen.

Kamerasystem

For å kunne vise breen og naturen på best mogleg vis, er det nytta fleire typar kamerasystem i filmen. Eit spegl-basert panoramakamera med opptaksvinkel på 220° er nytta for dei breiaste klippa. I tillegg er det nytta spesialoppsett av enkle og doble film- og fotokamera for film- og intervallklipp (“time lapse”), med ei oppløysing på opptil 15 000 pikslar (15K) i breidda.

Framsyninga

Filmen blir vist på eit samanhengande, boga lerret som er 21 meter breitt og 4,2 meter høgt. Framsyninga blir styrt av ei kraftig datamaskin som syt for at filmen vert fordelt til 4 projektorar. Lyden kjem frå sju høgtalarar rundt i salen, i tillegg til eigne bass- og vibrasjons-element.

Bakomfilm

I museet kan du også sjå eksklusive klipp frå bakomfilmen om prosjektet. Her kjem du tett på produksjonen av panoramafilmen om Jostedalsbreen.

Produsent panoramafilm: Falkeblikk Film Production AS, Sogndal.

Lokasjonane i panoramafilmen

Nr. Tidspunkt (minutt)        Stad

1.           Intro                                  Innover Fjærlandsfjorden og Norsk Bremuseum

2.           0:45                                    Det grøne Lovatntet i Lodalen, Stryn

3.           1:40                                    Brenndalsbreen i Oldedalen, Stryn

4.           1:50                                    Briksdalsbreen i Oldedalen, Stryn

5.           2:40                                    Langedalen i Veitastrond, Luster

6.           3:50                                    Flatbreen i Fjærland

7.           6:00                                    Steinmannen ved Nigardsbreen i Jostedalen, Luster

8.           7:00                                    Lodalskåpa «Vestlandsdronninga» på grensa mellom Stryn og Luster

9.           8:00                                    Skålatårnet i Loen, Stryn

10.         9:00                                    Krundalen i Jostedalen, Luster

11.         9:30                                    Nigardsbreen i Jostedalen, Luster

12.         10:00                                  Nigardsbreen i Jostedalen, Luster

13.         10:30                                  Styggevatnet og Austdalsbreen i Jostedalen, Luster

14.         12:30                                  Lodalskåpa «Vestlandsdronninga» på grensa mellom Stryn og Luster

15.         12:45                                   Skålatårnet i Loen, Stryn

16.         14:00                                  Fossefall ved Brenndalsbreen i Oldedalen, Stryn

17.         14:20                                  Supphellenipa, Fjærland

18.         14.30                                  Bøyabreen, Fjærland

19.         Sluttbilde                           Lodalskåpa «Vestlandsdronninga» på grensa mellom Stryn og Luster