Ulltveit-Moe senter for klimaviten

Norsk Bremuseum & Ulltveit-Moe senter for klimaviten opna i juli 2007 opplevingsutstillinga "Klima i endring - frå fortid til framtid".

Utstillinga er i eit nytt påbygg rundt kinosalen og har fått namnet "Ulltveit-Moe senter for klimaviten". I fyrste del av utstillinga kan du lære om dei naturlege klimaendringane. Du blir teke med på ei tidsreise frå skapinga av atmosfæren for fem milliardar år sidan til perioder på jorda der naturlege klimaendringar har ført til både mykje varmare og mykje kaldare klima enn vi har i dag.

Så byrja menneska å påverke klimaet.

Andre halvdelen av utstillinga handlar om framtida på planeten vår. Opplev ulike scenario for åra 2040 og 2100 og sjå utfordringane menneska vil møte.

Sir David Attenborough avsluttar utstillinga: "Det er enno tid til å handle. Jorda er den einaste heimen vi har!"

Bre Museum web clip from Ross Magri on Vimeo.

Utvikling av bygg og utstilling

Følgjande har bidrege til bygg og utstilling i “Ulltveit-Moe senter for klimaviten” hjå Norsk Bremuseum.

Utarbeiding av fagleg innhald

Forskningsdirektør Dr. Jan S. Fuglestvedt, CICERO - senter for klimaforskning

Prof. Jon Ove Hagen, Universitetet i Oslo

Prof. Peter Haugan, Bjerknes Centre for Climate Research, Universitetet i Bergen

Dr. Miriam Jackson, Norges Vassdrags- og Energidirektorat

Prof. Eystein Jansen, Bjerknes Centre for Climate Research, Universitetet i Bergen

Prof. Atle Nesje, Bjerknes Centre for Climate Research, Universitetet i Bergen

Dr. Jan-Gunnar Winther, Norsk Polarinstitutt

Prof. Olav Orheim, styreleiar Norsk Bremuseum, har vore leiar av arbeidet

Cand. scient. Karen Weichert, Norsk Bremuseum, har vore sekretær for arbeidet

Arkitektur, byggentrepenør og utstillingsdesign

Arkitekt: Sverre Fehn

Bygg: Veidekke Entreprenør AS

Utstilling: Sarner Ltd., London

Gåver og tilskot

Umoe AS v/Jens Ulltveit-Moe

Det Kongelige Norske Miljøverndepartement

Innovasjon Norge

Sparebanken Vest

UNI-fondet

Sogn og Fjordane fylkeskommune

Fjord1 Fylkesbaatane

Sogndal kommune

Sognekraft AS